Hopp til innhold

Bussjåfør frikjent for aktlaust drap

Den ukrainske bussjåføren som var tiltalt etter dødsulykka i Valldal i juli blei frikjent for aktlaust drap, men dømt for å ha køyrd uforsiktig. Forsvararen til mannen seier dei ankar denne delen av dommen og vil krevje erstatning.

Bussulykke Vallda

Ein person omkom og fleire blei skadd då bussen køyrde av vegen ved Valldal i Møre og Romsdal i juli.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Det kjem fram i ein dom frå Sunnmøre tingrett. Mannen er også frikjent for erstatningskravet mot han.

– Retten har etter ei samla vurdering funne det bevist at samanstøyten mellom bussen og personbilen påførte bussens styresnekke ei skade sjåføren ikkje kunne rekne med, slik at tiltalte ikkje fekk kontroll over bussen. Bussens vidare ferd mot venstre før den trefte autovernet i motsett køyreretning og velta var såleis ei ekstraordinær og uventa hending som den tiltalte ikkje kan skuldast for, skriv retten.

– Bussen kunne ikkje la seg styre

Den ukrainske bussen kolliderte med ein personbil like før den fatale ulykka, noko som skada styresnekka på bussen og gjorde den umogleg å styre. Bussen hamna så utanfor vegen og velta. Fleire passasjerar blei skadde og ein mann omkom som følgje av ulykka.

Bussulykke Valldal

Bussen køyrde utanfor vegen og hamna på taket.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Retten har ut frå ei konkret vurdering av tiltalte si køyring kome til at det ikkje var pårekneleg med ei dødsulykke. Sjølv om vegen var smal var det tilstrekkeleg plass til å passere dersom ein heldt riktig hastigheit, samtidig som begge køyretøya plasserte seg ytst i sine køyreretningar, står det i dommen.

Under rettssaka blei det kjent at bussen skal ha hatt ei fart på 61–63 km/t dei siste 260 meterane før samanstøyten med personbilen. Den skal så ha gjort ei kraftig nedbremsing, slik at farta under sjølve kollisjonen var rundt 57 km/t. Fartsgrensa på staden var 80 km/t.

Vidare legg retten vekt på at hastigheita var så lav at det ville vore mogleg med ei nedbremsing på kort tid så framt bussen hadde latt seg styre.

Ankar dommen

Mannen blei derimot dømt til 30 dagars fengsel for brot på vegtrafikklova § 31 første ledd § 3. Retten meinte at bussjåføren ikkje køyrde tilstrekkeleg aktgivande og varsamt då han møtte personbilen, noko som medførte at bilane støtte saman. Han mistar også føreretten i Norge i eitt år frå 30. juli 2016. Denne delen av dommen blir anka, opplyser mannens forsvarer Erling Flisnes.

Erling Flisnes

Erling Flisnes, forsvararen til bussjåføren, seier at dei ankar dommen mot mannen for brot på vegtrafikklova.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det kjem ikkje overraskande at han blir frikjent for aktlaust drap. Eg syns dommen bør gi ein viss ettertanke hos statsadvokaten og påtalemakta, seier han.

Flisnes har også tidlegare kritisert påtalemakta, og meinte at det aldri burde blitt tatt ut tiltale mot bussjåføren.

Mannen blei arrestert 1. august og har sete i varetekt sidan. Aktor Magnus Engh Juel har tidlegare gått med på å sleppe fri den ukrainske bussjåføren ved dommens forkynning, fordi han alt har sona mesteparten av fengselsstraffa på 120 dagane som aktor kravde under rettssaka. Flisnes er også kritisk til den lange tida hans klient har sete fengsla, og meiner at han har krav på erstatning.

Statsadvokat Magnus Engh Juel seier til NRK at han ikkje kan kommentere dommen på det noverande tidspunktet.

– Eg har vore i retten i heile dag, og har ikkje fått lest dommen. Difor kan eg heller ikkje seie noko om den i dag, seier Engh

Kravde frifinning

Bussjåføren må også betale 402 kroner til føraren av personbilen som skal dekke legeutgifter som bilføraren har hatt etter ulykka.

Den ukrainske bussjåføren stod tiltalt for uforsiktig køyring og aktlaust drap. Aktor la fram eit krav på 120 dagar i fengsel medan bistandsadvokaten fremja eit erstatningskrav på 125.000 kroner på vegner av kona til mannen som omkom i ulykka. Dette kravet blei mannen frifunne for.

Erling Flisnes, forsvararen til bussjåføren kravde full frifinning, både for tiltalepunkta og erstatningskravet mot mannen.

Les alt om saka her: