NRK Meny
Normal

Bussen køyrer Oppdølsstranda igjen

Frå mandag 6. oktober vil det igjen vere normale bussruter på riksveg 70 gjennom Oppdølsstranda.

Kolonnekjøring forbi Oppdølsstranda
Foto: Stig Morten Waage / NRK

Bussane som har ruta si forbi det rasutsette området har vore innstilt frå 24. august og fram til no.

No har busselskapet fått til ei ordning der bussane får følgjebil forbi det utsette området, seier Jarle Røkkum i Nettbuss Møre.

Busselskapet tek likevel atterhald om det kan oppstå enkelte forseinkingar på grunn av anleggsarbeidet som pågår.

- Dei fleste bussane vil gå med dei ordinære kolonnane gjennom stranda, men i tillegg har vi altså fått ordna følgebil på ein del ruter, seier Røkkum.