Busetting av flyktningar

I fjor blei det busett 653 flyktningar i Møre og Romsdal. Det er om lag 50 færre enn det som blei vedtatt busett. Totalt har det blitt busett 3049 flyktningar her i fylket dei siste fem åra. Det viser tal frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi). 60 prosent av flyktningane som deltok i og avslutta introduksjonsprogrammet i 2014 var i arbeid eller utdanning året etter. For Noreg totalt er dette talet 58 prosent.