Hopp til innhold

Burettslag får ikkje kaste ut røykaren Vidar (51)

Burettslaget i Ålesund får ikkje medhald i retten for å kaste ut Vidar Antonsen sjølv om røyklukta frå leiligheita hans plagar naboane. Det slår Sunnmøre tingrett fast.

Vidar Antonsen

Vidar Antonsen er glad og letta over at han framleis kan bu i leiligheita si. Han er takknemleg for støtte frå ukjende.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Vidar Antonsen (51) får fullt medhald i retten etter at burettslaget han bur i, forsøkte å kaste han ut. Antonsen røyker inne i si eiga stove, og fleire av naboane har klaga på at det siv røyk ut i fellesareal. Men retten slår no fast at burettslaget ikkje har lov å tvangsselje leiligeheit hans:

«Selv om det ikke er tvilsomt at naboene plages av røyklukt i bygget, mener retten at røykingen i Antonsens leilighet ikke leder til at han har overtrådt burettslagslova § 5-11 første ledd» heiter det i dommen.

Vidare heiter det:

«Etter rettens syn skaper en slik praktisering risiko for at andres subjektive opplevelser og/eller andre forhold som påvirker byggets inneklima, setter terskelen for når mislighold inntrer».

Burettslaget må betale sakskostnadene på 50 000 kroner.

Glad for støtte

Advokaten til burettslaget, Katharina Lindbak, skriv i ei tekstmelding at dei ikkje har nokon kommentar til dommen førebels. Det er difor uvisst om dei vil anke saka til lagmannsretten for å få saka behandla på nytt.

Men Vidar Antonsen er glad.

– Eg er kjempeglad for det. Det betyr at eg framleis kan føle meg trygg på at eg får bu her, seier han.

Han har tidlegare sagt at han uansett vil selje leiligheita si fordi det har blitt så belastande å bu der. No vurderer han om han likevel vil bli buande.

I dommen kjem det fram at Antonsen og hans gjester også er skulda for nattebråk og tilgrising av fellesområde. Antonsen seier til NRK at han ikkje kjenner seg igjen i dette, og retten er komen til at omfanget av dette er usikkert og at det ikkje gir grunnlag for tvangssal.

Massiv støtte

Den uføretrygda 51-åringen får massiv støtte på Facebook etter at NRK Møre og Romsdal sist veke fortalde at burettslaget vil kaste han ut.

Mobbing i kommentarfelt.

Innlegget om han som kan bli kasta ut av leilegheita si fordi han røyker, har vekt sterke reaksjonar. Innlegget har over 100 kommentarar, dei aller fleste til støtte for Antonsen.

Foto: Skjermdump / Facebook

– Nokre burettslagseigarar (vaksne) som rottar seg saman og klarer å drive ein person bort frå sin eigen heim. Det er mobbing og ikkje konstruktivt, skriv ein.

– Er det rart at ungar mobbar, skriv ei anna.

Vidar Antonsen kan bli kasta ut av leilegheita fordi han røyker

Vidar Antonsen (51) har røykt sidan han var 16 år gamal, og har budd mange stader, men seier han aldri har fått klagar før. Han røyker mellom ti og femten rullingsar dagleg.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Fleire skriv at det å klage på tobakksrøyk, er like håplaust som å klage dersom du ikkje likar at naboen brukar kvitløk eller sterke krydder. Fleire foreslår at dei plaga naboane kan flytte sjølve.

Styret i burettslaget skriv i ei tekstmelding at dei ikkje på nokon måte kjenner seg igjen i påstanden om at Antonsen blir mobba. Utover det ønskjer dei ikkje å kommentere saka.

Fortvilte naboar vil ikkje ha røyklukt

Ifølgje stemninga til Sunnmøre tingrett har ein nabo flytta på grunn av røyklukta, og dei som bur igjen er fortvilte fordi dei hevdar røyken siv ut i gangen, opp på loftet og inn i leilegheitene deira.

– Dei vil ikkje hive han ut fordi han røyker. Dei vil derimot ha sin rett til å puste i røykfri luft i sine eigne leilegheiter, skriv ei på NRK Møre og Romsdal sine Facebooksider. Men ho får ikkje gehør for det synet hos dei andre som kommenterer.

Og då NRK tidlegare denne veka fortalde om den spesielle rettssaka, slo jusekspert Ola Fæhn fast at burettslaget er på tynn is når dei forsøkjer å tvangsselje leilegheita til Antonsen.

– Eit burettslag kan ikkje kaste ut nokon som røyker heime hos seg sjølv. Røyking i private heimar er lovleg, seier Fæhn.

Ola Fæhn

Jusekspert Ola Fæhn meiner røyking heime er ei privatsak, og hevdar burettslaget ikkje kan kaste ut nokon som røyker.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

Det er Obos som har ført saka for burettslaget i retten, og dei opplyser at dei aldri før har opplevd at røyking har vore hovudgrunnen til krav om tvangssal.

Fekk ikkje oppnemnd byggteknisk ekspert

51-åringen meiner sjølv at røykinga hans er på eit heilt normalt nivå. Han hevdar difor det må vere noko gale med den snart 70 år gamle bygninga, dersom naboane blir plaga. Under rettssaka bad han om å få oppnemnt ein byggteknisk ekspert, men fekk ikkje medhald.

– Eg røyker ikkje sjølv, men no går hetsen av røykarane alt for langt, skriv ei i kommentarfeltet til NRK Møre og Romsdal på Facebook.

– Det er veldig kor sarte folk har blitt når dei lagar problem ut av dette, skriv ei anna.

Vidar Antonsen i leiligheita si i Ålesund

Her har Vidar Antonsen budd i to år. Sjølv om han røyker slik at det plagar naboane, har retten slått fast at han ikkje kan kastast ut.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL