Hopp til innhold

Burettslaget fekk gebyrauke på over 400 000 etter kommunesamanslåing

Burettslaget Torvteigen 2 i Ålesund gjekk frå 3700 til 457 000 i gebyr for vatn og avløp etter kommunesamanslåinga. No ber dei politikarane snu.

Pål Nes

OVERRASKA: Rekninga på 457 000 kom overraskande på styreleiar Pål Nes i burettslaget Torvteigen 2.

Foto: Privat

– Eg forstår at alle skal vere med og betale, og vi har kanskje betalt for lite, men å gå frå 3700 kroner til 457 000 er heilt horribelt, seier styreleiar Pål Nes i burettslaget Torvteigen 2.

Kommunen endra regelverket etter kommunesamanslåinga. For 2020 sender dei dermed ut eit gebyr for kvar av dei 127 leilegheitene i burettslaget. Fram til 2019 betalte burettslaget berre ei avgift for alle. Endringa gjeld gebyr for vatn og avløp, og ikkje forbruk.

Overraska

Pål Nes seier dette vil gjere det nesten umogleg å halde budsjettet.

– Vi prøver så godt vi kan, men då må vi også ha litt oversikt over kva rekningar som kjem, seier han.

Han seier at han ikkje fekk vite om den store rekninga før no. Ved kontakt med kommunen seier han at han fekk beskjed om at dei hadde annonsert dette på Facebook i desember. Det synest han ikkje er godt nok.

Pål Nes

Pål Nes er styreleiar i burettslaget Torvteigen 2.

Foto: Privat / NRK

– Eg blir overraska over at det går an å auke eit gebyr så mykje utan å ha skikkeleg varsling på det. Dei burde sendt eit brev til alle burettslaga, og i alle fall til Obos, seier han.

Ber om forklaring

No har dei fem største burettslaga i Ålesund gått saman om eit brev til ordførar Eva Vinje Aurdal, der dei ber om ei forklaring.

« I disse spesielle tider er det flere som blir permittert. Kontroll på budsjett og utgifter er derfor ekstra viktig. Det blir da veldig uforutsigbart når slike gebyr blir innført. Det er også et betydelig mindre arbeid med våre enheter, da det er felles vannmåler og ikke enkeltvis pr leilighet. Vi ber ordføreren ta grep knyttet til gebyret og tilbakeføre det til 2019 nivå eller kraftig redusere gebyret. Det står ikke i forhold til selvkost prinsippet dere hevder gebyret hviler på.»

Burettslaget Torvteigen 2 har på grunn av koronakrisa redusert husleiga for alle leilegheitene i mai med 35 prosent. Dette tilsvarar 2500 kroner for dei største leilegheitene. Nes synest også kommunen burde tenke slik.

Mange klager

Ålesund kommune har fått mange klager etter at innbyggarane i den nye storkommunen fekk rekninga på kommunale avgifter.

Kommunen har også gått ut mot debattane i sosiale medium fordi dei meiner folk kjem med faktafeil.

– Eg har fått ein del e-postar med bilete av fakturaer i det siste, ja, seier varaordførar i Ålesund Vebjørn Krogsæter (Sp).

Han forstår at folk reagerer på gebyrauken, og seier at dei som synest dette er urimeleg, må klage. Men han presiserer at målet er at alle skal ha likast mogleg gebyr, uavhengig av kva type hus dei bur i.

– Det er mogleg å klage på gebyr, det bør dei også gjere, og så må vi sjå på det. Det som er klart er at på grunn av kommunesamanslåinga må vi samordne reglane frå kommune til kommune.

Vebjørn Krogsæter og Eva Vinje Aurdal

Vebjørn Krogsæter (Sp) er varaordførar i Ålesund kommune, og var ordførar i gamle Haram kommune, her saman med ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Krogsæter seier at dei som bur i sameige i den tidlegare Haram kommune alltid har betalt gebyr for kvar leilegheit, slik burettslaga i gamle Ålesund kommune no reagerer på, men dei har til gjengjeld no fått større auke i kloakkavgifta.

Han presiserer at Ålesund kommune også har store investeringar framfor seg for å modernisere vatn- og avløpsanlegga.

– Når kommunane også har hatt ulik praksis, så forstår eg at folk reagerer når vi no skal samordne dette.

Han seier saka må opp til ny politisk handsaming om dei kommunale avgiftene skal endrast.