Hopp til innhold

Bur i telt i minusgrader

Minusgrader over heile fylket stoppar ikkje alle. På Sula bur ein spanjol i telt ute i kulda.

Video Spanjol telt

Å telte i skogen i slutten av november. Berre tanken på det kan vel få nokon og ein kvar til å trekkje seg saman, men på Sula har ein spanjol funne sin ideelle teltplass, og prøver å halde varmen.

- I Spania har vi eit ordtak, "Den som rører på seg, frys ikkje", fortel Florimido Alvarez.

Sykla frå Spania til Noreg

Til Sunnmøre kom han med sykkel. Heilt frå varme Spania, til kulda på Vestlandet, skriv smp.no .

- Eg sykla hit på ein hollandsk sykkel. På denne sykkelen har eg sykla mange kilometer.

Og på sykkel har han også reist Noreg på langs, frå Stavanger til Tromsø, til teltet no står stille på Sula.

- Teltet er laga i Kina. Det er ikkje særleg robust.

I teltet ute i skogen er det ikkje så mykje som minner om luksus.

- Dette er ikkje akkurat Hotel Ritz.

Med kotelettar på eit lite bål gjer han det beste ut av situasjonen, og meiner norsk vinter er betre enn alternativet.

- Der eg kjem frå er det ofte 45 varmegrader. Det er drepen. Då føretrekk eg Svalbard.

No håper Alvarez på å få seg jobb i Noreg. Draumen er å skrive bok.