Hopp til innhold

Rodde høggravid kvinne i ope hav

Bunadsgeriljaen på Nordmøre frakta i dag ei gravid kvinne i robåt frå Smøla til Kristiansund. Stuntet er ein protest mot nedlegginga av føden i Kristiansund.

Bunadgeriljaen på rotur

Roturen mellom Smøla og Kristiansund symboliserer den strabasiøse ferda det var for kvinnene når dei skulle føde i gamledager. Bunadsgeriljaen fryktar at det blir vanskeleg for dagens kvinner også med lang reiseveg til fødeavdelinga.

Foto: Svein Junge

11 bunadkledde kvinner la i ettermiddag ut på langtur i ein gamal båt i ope hav for å protestere mot nedlegginga av fødeavdelinga i Kristiansund. Om bord sat også gravide Marit Johnsen Myrvoll, som har termin om åtte veker. Ho ventar sitt andre barn.

– Det fristar ikkje å få fleire barn dersom reisevegen blir endå lengre, seier Myrvoll. Første barnet kom fort då riene sette i gang og ho fryktar at det same kan skje neste gong.

Helse Møre og Romsdal slit med økonomien og må spare nærare ein halv milliard kroner dei neste tre åra. Styret har vedteke å slå saman fødeavdelingane i Molde og Kristiansund. For dei som bur i kommunane Aure, Halsa og Smøla blir det dermed to til tre timars reiseveg til føden, med båt og bil.

Bunadsgeriljaen ror frå Smøla til Kristiansund

Kvinnene er erfarne roarar. Dei hadde også fylgjebåtar for å ta vare på tryggleiken.

Foto: Svein Junge

Protest med bunad

På Nordmøre har bunaden blitt symbolet på opprøret mot nedlegginga av fødeavdelinga. Det starta med at Anja Cecilie Solvik la ut eit bilete av seg sjølv i bunad på Kristiansund sjukehus, der ho viste musklar. No har gruppa 17.000 medlemmar på Facebook.

Leiar i Bunadsgeriljaen meiner utviklinga går feil veg for dei fødande. Det er akkurat det den gamle robåten frå 1928 skal symbolisere. For 90 år sidan var turen til fastlandet lang og strabasiøs, og ein frykta å føde i båten. Solvik finn seg ikkje i at dagens kvinner også skal vere redde.

– Vi trur ikkje løysinga er store fødeavdelingar på fellessjukehus. Vi ynskjer nærleik til føden, seier Solvik.

Dei siste tre vekene har kvinnene markert seg i bunader både utanfor Stortinget, på fotballkamp, i bystyresalen og på fjelltoppar. Kravet er at fødeavdelinga i Kristiansund ikkje skal leggast ned før det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal står klart.

Anja Cecilie Solvik er initiativtakaren til Bunadgeriljaen på Nordmøre

Anja Cecilie Solvik er primus motor for Bunadgeriljaen. Ho krev at fødeavdelinga i Kristiansund vert freda dei neste fem åra.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Rutinerte roarar

Det var erfarne roarar som rodde den 30 kilometer lange turen. Roar Ida Skaret Svendsen måtte brette opp skjorteermene medan ho rodde. Ho seier at kvinnene aldri har tatt akkurat denne turen før, men dei har delteke i fleire rokonkurransar. Kvinnene hadde også fleire fylgjebåtar med på turen.

– Vi er ein gjeng med sta kvinnfolk. Vi hadde dessutan med ein lege om bord, seier Svendsen. På kaia i Kristiansund vart dei tekne imot av ei stor folkemengd, flagg, korps og salutt.

Marit Johnsen Myrvoll

Marit Johnsen Myrvoll frå Smøla har termin om åtte veker. Ho kjempar for å behalde fødeavdelinga i Kristiansund.

Foto: privat

Gravide Marit Johnsen Myrvoll vart rørt over alle folka som møtte opp.

– Det var heilt ekstremt. Det viser berre kor stort engasjementet er, seier Myrvoll.

Fekk sparken

Måndag sparka styret i Helse Møre og Romsdal sjukehusdirektør, Espen Remme. Han tok til orde for å utsette nedlegginga av fødeavdelinga i Kristiansund. Leiaren i Bunadsgeriljaen seier at same kven som tek over, håper ho at dei tar til fornuft og gjer om på vedtaket.

Saka skal opp i styremøte 15. mai.

– Vi gir ikkje oss før det blir ei freding av fødeavdelinga dei neste fem åra, seier Anja Cecilie Solvik.

Bunadsgeriljaen vart tatt imot på kaia i Kristiansund

Mange møtte opp på kaia i Kristiansund for å ta imot kvinnene i robåten.

Foto: Svein Junge

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL