NRK Meny
Normal

Bunadfabrikken i Estland

26 kvinner sit på rekke og rad på fabrikken i Tallin og produserer norske bunader for fullt. Alt vert styrt med stø hand frå Molde.

Estiske arbeidere syr norske bunader

Landets leiande leverandør av herrebunader, Solhjell AS i Molde, satsar no for fullt også på produksjon av damebunader.

Men den tradisjonsrike norske festdrakta skal ikkje syast i Noreg, men i Tallin i Estland.

I dag er det 26 tilsette Solhjelledrifta i Tallin, og dei produserer i dag 30 ulike norske herrebunader. No vil bedrifta ha ein del av kaka på damebunadsida.

- Årleg blir det selt kvinnebunader for mellom 200 og 300 millionar kroner her i landet, og det er denne marknaden vi no ønskjer å ta del i. Målet er at vi i løpet av nokre år kan bli leiande i Noreg på produksjon av damebunader også, seier dagleg leiar Inger Siri Strand.

Då håper Stand å kunne utvide arbeidsstokken til minst 40 medarbeidarar i Tallin.

Spesialist på herrebunader

Konfeksjonsbedrifta flagga ut bunad-produksjonen til Estland for fem år sidan, og har omsett herrebunader for rundt 15 millionar kroner i året.

Bestillingane strøymer inn frå heile landet, og 30 nasjonaldrakter for herrar står på produksjonslista. No vert 8 ulike damebunader ført opp på lista også.

Norske bunader broderte og monterte av utanlandske hender, har lenge vore eit stridstema på bunadsfronten. Haldningane til dette har endra seg, seier Strand.

-Vi trur dette har endra seg. I dag er det ingen rekruttering til dette yrket korkje på brodering eller saum. Så dersom ein skal produsere bunader i framtida må ein satse på utanlandsk arbeidskraft, seier Strand.