Hopp til innhold

Her skal Johan slite seg rett opp

Dei fleste reiser til Italia for god mat og drikke. Johan Bugge reiser for 1100 meter motbakke i ei løype på 11,7 kilometer.

VM i motbakkeløp

Løypa går opp fjellstida i Cassetta di Massa i Italia

Foto: Fidal

OSLOS BRATTESTE 2012

Johan Bugge er det sterkaste kortet på det norske laget under VM i motbakkeløp 14. september.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Det går rett opp i denne ekstreme idretten.

Motbakkeløp er for dei som ikkje er redde for å ta seg heilt ut og er kjenneteikna av blodslit og melkesyre.

Søndag stiller verdas beste motbakkeløparar til start i VM i Cassetta di Massa i Italia. I alt seks norske deltakarar er med i dei ulike klassane, og aller mest spenning er det knytt til 23-åringen frå Eidsvåg i Romsdal.

Beste norske i fjor

Bugge har deltatt i fleire internasjonale meisterskap dei siste åra og var i fjor best av dei norske under VM. I år håper hovudtrenar Jarl Gaute Aase på to norske blant dei førti beste.

–Han er nok den som har størst føresetnader i denne løypa, han er ganske flink til å springe flatt også. Og denne løypa er ikkje like bratt som vi er vane med, så han kan nok dra fordel av det, seier Aase til NRK.

Uvanleg løype

For det er ei uvanleg løype som ventar. Med 11,7 kilometer er løypa lengre enn vanleg og variasjonane i terreng er også langt større enn normalt. Det meste av løpet skjer i ulike delar av eit marmorbrot, skildra som ein "kvit tunnel".

–Det er ei spesiell løype med både trapper og asfalt. Men den er til gjengjeld lenger enn vanleg, så lengden blir nok ei utfordring, seier Aase.

Fredag var laget på tur til Italia. Laurdag er det klart for gjennomgang av løypa før løpet søndag.

I itllegg til Johan Bugge deltar Stian Øvergaard Aarvik og Torstein Tengsareid i seniorklassen for menn. Stian Hovund-Agermund deltar i juniorklassen, medan Merete Weng og Kirsten M. Melkevik stiller i kvinneklassen. May Britt Buer var også tatt ut, men har meldt forfall på grunn av sjukdom.