Sjukehuset i Molde
Vedtaket inneber også ein kombinert kostnadsreduksjon og inntektsauke på 78,8 millionar kroner.
Det planlagte underskotet skuldast opprusting av sjukehuset på Lundavang og planlegging av nye Molde sjukehus.
Styrevedtaket var ikkje uventa og følgjer tilrådinga frå administrasjonen.
Krav om balanse
Sjukehuset i Molde
- Eg liker jo ikkje å leggje fram eit budsjett som ikkje er i balanse. Vi har eit krav frå våre eigarar at det skal vere balanse, seier styreleiar i Helse Nordmøre og Romsdal, Tore Skåltveit.
- På den andre sida så har vi ein veldig spesiell situasjon. Vi har eit sjukehus i Molde som er i dårleg stand, og som det sårt trengst å gjere noko med, seier Skåltveit
Fem må seiast opp
I underbalansen på 11 millionar ligg mellom anna kutt av rundt 40 stillingar. Fem av desse er personar som må seiast opp. Resten skal takast ved naturleg avgang og omplasseringar. Mellom anna skal om lag 20 stillingar flyttast frå psykiatrien på Hjelset til Ålesund.
Men trass store kutt, hevdar Skåltveit at innsparingane ikkje skal få følgjer for pasientane.