Reiste på bubilferie til Sicilia – uvisst når dei kjem seg heim

Mange nordmenn står stranda i utlandet under koronapandemien. Ekteparet Johansen reiste på bubilferie til Italia i januar, og kjem seg ikkje derifrå.

Bobilturister i Italia

FERIE: Paret har vore på ferie på Sicilia i tre månader. Dei siste to dagane har dei prøvd å kome seg over til fastlandet, men er no budd på å avvente situasjonen.

Foto: Privat

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Kvar vinter i åtte år har Wenche Eli Johansen (62) og mannen hennar Svein Åge (69) frå Molde tatt med seg bubilen og reist til øya Sicilia heilt sør i Italia.

– Vi er på austsida av øya. Vi ser fastlandet frå her vi er, men dit kjem vi oss ikkje. Det er bestemt at ingen får reise med ferja, seier Wenche Eli Johansen.

Dei reiste ned til Italia i januar. Når statsministeren bad alle nordmenn om å kome heim, vurderte dei det som betre å bli i Sør-Italia.

– Det var på den tida dei ikkje hadde kontroll på utbrotet i Nord-Italia. Derfor ville vi ikkje risikere å reise gjennom. UD råda oss også til å vente, seier ho.

Korona-fast på Sicilia.

BUBIL: Ekteparet er godt utstyrt for eit langt opphald i Italia.

Foto: Privat

Nesten 1000 døde på eit døgn

Talet på døde som følgje av koronaviruset i landet har bikka 10.000, og berre det siste døgnet har 969 menneske mista livet.

UD fortel at dei i førre veke fekk meir enn 10.000 førespurnader om situasjonen frå norske statsborgarar i utlandet og deira pårørande på både e-post og telefon.

Situasjonen er betre i Sicilia enn på fastlandet, derfor kjenner ekteparet at det er tryggare å vente til situasjonen roar seg ned, etter også å ha snakka med ein legevenn dei kjenner i Bologna.

Dei har med seg store verdiar dei fryktar vil bli stole dersom dei tar fly.

LANG KØYRETUR heim: Bubilen står parkert på ein campingplass med turistar frå Frankrike og Tyskland i byen Sant' Alessio Sicculo på øya Sicilia.

Held motet oppe

På Sicilia har dei no portforbod.

– Alle går med sjal eller munnbind, og gummihanskar. Dei tek det verkeleg på alvor, dei held god avstand og brukar antibac, seier Wenche.

Trass i den trasige situasjonen har dei to turistane det veldig bra etter forholda. Dei har handla inn mat til ei veke framover.

– Vi er friske, og vi har tilgang på alt av mat og det vi treng. Det er uvissa som er verst, dersom ein skulle bli smitta og hamne på sjukehus.

Wenche Eli Johansen og mannen er koronafast.

GODT MOT: Wenche Eli og Svein Åge Johansen har vore gift i 40 år. Sjølv om dei ikkje kjem seg nokon veg er dei ved godt mot.

Foto: Privat

Lang veg heim

Ekteparet Johansen veit ikkje kor lenge dei må bli, men er budde på at det kan ta veker.

Éi utfordring er å kome seg over til fastlandet, men det ventar også ein lang køyretur med mange grenseovergangar. Dei er redde for at grensene plutseleg kan stenge.

Turen heim vil ta om lag ei veke.

– Vi har ikkje pakka lett. Men vi har sikra oss slik at rører oss minst mogleg ut av bilen når vi skal reise, seier ho.

  • Nordmenn på reise i utlandet kan når som helst ringe UD sitt operative senter på telefon +47 23 95 23 95 og sende e-post til 247@mfa.no

Status Norge

Sist oppdatert: 01.06.2020
8440
Smittet
28
Innlagt
237
Døde