– At bubilane berre får stå på rasteplassane i to timar er hårreisande. Media og TV over heile Europa fortel om nasjonale turistvegar som Geiranger og andre stader. Så skal ein brått setje grenser for bubilbruken. Heilt utruleg, seier Kurt Terje Jenssen, leiar i Norsk Bobilforening.
Denne veka kom nyheita om at Statens vegvesen har sett seg så lei bubilar som fyller opp rasteplassar at dei har lagt ned restriksjonar fleire stader.
På enkelte rasteplassar kan du frå no av berre stoppe i to timar før du må vidare.
REAGERER: Karl Olsen (til venstre) og Kurt Terje Jenssen Norsk Bobilforening synest dei nye tiltaka til Statens Vegvesenet er urimeleg strenge. Dei har heller andre og betre forslag til å løyse rasteplass-problematikken, meiner dei.
Foto: PrivatDet gjeld i denne omgang Skjevlingsneset ved Bergsøysundbrua på Nordmøre og rasteplassen ved Trollveggen i Romsdalen.
– Det skal vere nok til at folk får kvilt seg, får raste og dei får sett seg rundt. Men dette er ikkje nokon campingplass, sa Torgeir Bye, seksjonsleiar i Statens vegvesen (Region Midt) til NRK.
Bye viste til at nokre blir ståande ei heil veke.
HAR FÅTT NOK: Her på Skjevlingneset ved Bergsøysundbrua på Kristiansund fastlandssamband er det fullt opp med bubilar sommarstid. No har Vegvesenet fått nok. Her og ved Trollstigen blir det forbod mot å stå meir enn to timar.
Foto: Terje Reite / NRK– Sjå til Sverige
Kurt Terje Jenssen i Norsk Bobilforening kjøper argumentet med at bubilar ikkje bør stå på rasteplassane ei heil veke, men meiner utfordringa til Vegvesenet kan løysast på andre måtar.
– Sjå til Sverige. Der står det på skilta at ein kan campe i maksimalt 12 eller 24 timar. Det er mykje meir fornuftig. To timar er altfor kort tid. Det er dødfødt, meiner Kurt Terje Jenssen.
Han får støtte av Karl Olsen, leiar i Norsk Bobilforening Region Midt.
– Eg forstår at nokon må avgrense bruken av rasteplassane. Men to timar er for knapt. Staten burde heller gå inn og aktivt hjelpe dei som vil lage stellplassar. Der kan dei få servicen dei treng utan at det må koste skjorta, meiner Olsen.
– Bygde for korte stopp
Torgeir Bye har ikkje tru på ei løysing der det er lov å campe i 12 eller 24 timar.
Torgeir Bye, seksjonsleiar i Statens vegvesen (Region Midt).
Foto: Terje Reite / NRK– Det er vanskeleg å kontrollere og sikre at det blir overheldt. Det vil seie at det ikkje blir ei endring samanlikna med i dag, skriv Bye i ein SMS til NRK.
Pressesjef i Statens vegvesen, Kjell Bjørn Vinje, seier at det er vegregionane sjølve som bestemmer kva for rasteplassar dei legg restriksjonar på.
– Men på generelt grunnlag kan eg seie at det er rett at rasteplassane er bygde og dimensjonerte for korte stopp og ikkje til dømes camping, seier Vinje.
Kjell Bjørn Vinje, pressesjef i Statens vegvesen.
Foto: Knut OpeideHan minner om at dette mellom anna handlar om sikkerheit.
Vedtaka til vegregionane kan klagast inn til Vegdirektoratet, og eventuelt i neste instans Samferdselsdepartementet.
- Test deg sjølv: Kva veit du om norsk verdsarv?