Bergens Tidende gir i dag ut heile avisa på nynorsk

At aviser berre kjem ut på nynorsk er ikkje uvanleg. Men at ei avis som vanlegvis blir redigert på bokmål, kjem ut på nynorsk, er noko heilt anna.

Bergens Tidende på nynorsk

Bergens Tidende vel å feire Ivar Aasens 200-årsdag med nynorsk utgåve.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Det er slik Bergens Tidende vel å feire Ivar Aasens 200-årsdag.

Ivar Aasen

I dag er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd.

Måndagens papirutgåve er nemleg i skriven på nynorsk sidan nynorskens far, Ivar Aasen, blei fødd på denne datoen for 200 år sidan.

– Utan Aasen ville vi ha skrive halvdansk

– Vi skuldar han stor takk. Utan Aasen ville vi ha skrive halvdansk heile gjengen, skriv sjefredaktør Gard Steiro i ein kommentar inne i avisa.

Gard Steiro

Sjefsredaktør i Bergens Tidende, Gard Steiro.

Foto: Jan M. Lillebø / Jan M. Lillebø

Samstundes er han budd på reaksjonar frå lesarane, og skriv at det særleg er tre emne som skapar lesarstorm blant avisa sine lesarar. Det eine er bompengar, det andre er innvandring, og det tredje er nynorsk.

Håpar å skape debatt

– Dette er eit stunt for Bergens Tidende. Vi gjer det for å markere 200- årsdagen for Ivar Aasen, og så håpar vi å skape debatt om nynorsken, seier sjefsredaktør Steiro.

Han håpar stuntet kan føre til debatt kring bruken av nynorsk i offentligheita.

Steiro viser til at heite diskusjonar om det skal bli nynorske namn på sjukehus eller lufthamna i Bergen.

– Den debatten synes eg ofte er litt populistisk og enkel. Det vi håpar her er at det kan kome ein debatt om bruk av nynorsk som hovudmål i skulen, bruken av det i offentlege institusjonar, og vonleg no når det går det mot eit val, om ein skal ha karakterar i nynorsk i framover.

Trur ikkje lesarane vil reagere negativt

– Er du redd det skal verte eit ras av oppeseiingar når bergensarane får ein nynorsk avis i hendene?

– Nei det trur eg definitivt ikkje.

Steiro seier at han veit at nynorsken irriterar mange, men at mange også er glade i nynorsken.

– Våre lesarar er van med å få både nynorsk og bokmål i avisa Dei er van med å få både nynorsk og bokmål i avisa, og eg trur lesarane, sjølv dei mest ihuga bokmål-elskarane vil takle ein dag i ei hundre og femti år lang avishistorie, som berre er på nynorsk, seier Steiro.

(NTB/NRK)