Ordførar Arne Sandnes, seier dei har to gravemaskiner som skal grave ein kanal ved sida av elva.
Is har blokkert elva to stader, og vatnet har fløymd utover dyrka mark.
Det er også fare for at Rem bru kan verte skadd om ikkje noko vert gjort straks.
I følge ordføraren er det ikkje nokon umiddelbar fare for flaum i sentrum av Valldal.