Hopp til innhold

Dette er dei beste nynorskbrukarane

Journalistane Ingvild Bryn i NRK og Arill Riise i TV2 er Årets nynorskbrukarar 2012.

Arill Riise og Ingvild Bryn

Journalistane Arill Riise og Ingvild Bryn er Årets nynorskbrukarar.

Foto: TV2/Anne Liv Ekroll

Det er Nynorsk kultursentrum som kårar Årets nynorskbrukar. I år får Ingvild Bryn og Arill Riise prisen for utsøkt språkrøkt og framifrå bruk av normert nynorsk i moderne nyheitsjournalistikk i radio og fjernsyn. Det seier styret i Nynorsk kultursentrum i si grunngiving.


LES OGSÅ:


Glad og kry

–Eg er både glad og kry. Å få nynorskens nobelpris er stort, seier Arill Riise. Når tidlegare prisvinnarar er folk som Kjartan Fløgstad og Maria Parr, blir eg audmjuk. Eg er då berre ein journalist.

Riise er frå Ørsta og starta i NRK i 1983. Han har blant anna vore programleiar i Norge rundt, Dagsrevyen og Sommeråpent. No er han hovudanker for kveldsnyhendene i TV2

Presist nyhendespråk

Ingvild Bryn er frå Voss og har vore programleiar i Dagsrevyen sidan 1992.

– Eg blir berre meir og meir glad i nynorsken, så eg set stor pris på å få denne utmerkinga. Nynorsk er ikkje berre vakkert i poesien, det er også eit presist og klart nyhendespråk, seier Ingvild Bryn.

Nynorsk i radio og tv

Det er 13. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar.

– Prisvinnarane har vore språklege førebilete og hjelparar for svært mange, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Han kallar tildelinga ei klar språkpolitisk melding om at også normert nynorsk må høyrast i radio og fjernsyn.

Kvar av prisvinnarane får 40 000 kr, og prisane blir delte ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela 28. juni.

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad er direktør ved Nynorsk kultursentrum og seier at nynorsk har ein plass i radio og fjernsyn.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL