Bryllaupsfest med 100 gjester blir til liten hagefest

Hundrevis av brudepar over heile landet må no endre planane for bryllaupet sitt på grunn av korona. Sokneprest Kari Vatne meiner bryllaupa likevel kan bli fine seremoniar.

Lucas Chen Enoksen (8)
Dag Atle Eksund med Lorentz Chen Eksund
Louchen Chen

GIFTEKLARE: Lucas Chen Enoksen (8), Dag Atle Eksund med Lorentz Chen Eksund og Louchen Chen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Koronarestriksjonane gjer at lenge planlagde bryllaup må bli utsette eller endra. Tal NRK har henta inn viser at dette gjeld 57 par i kyrkjene i Trondheim, 47 i Bergen, mellom 20 og 30 i Tromsø og 19 i Stavanger til no.

Har avbestilt festlokalet

Sambuarane Louchen Chen og Dag Atle Eksund i Ålesund hadde invitert over 100 gjester frå inn og utland til bryllaupsfest og dåp for vesle Lorentz i slutten av juni.

No er festlokala avbestilt.

– Det er litt dumt da. Vi hadde sett for oss alle vennane våre samla for å feire dagen vår, men no må vi endre alt, seier Louchen Chen.

Louchen Chen

Louchen Chen og den komande ektemannen har det meste klart til bryllaupet som no blir noko heilt anna enn dei hadde sett for seg.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Bryllaupsinvitasjonane var sendt for eit år sidan, og paret gledde seg til å samle alle til ein stor fest, men no blir det ein liten gjeng som møtes heime i hagen i staden.

– Det blir sikkert veldig fint. Det er annleis, men det blir eit minne dette også, seier Dag Atle Eksund.

Mange har avlyst

I Borgund kyrkje i Ålesund, der Louchen Chen og Dag Atle Eksund skal gifte seg, har ni par endra planar.

Men sokneprest Kari Vatne meiner bryllaup kan bli fine seremoniar også no.

– Eg synest dette er leit, for folk har gleda seg og planlagt. Men så tenker eg også at det er ein sjanse til å gjere det billegare, og at det kan vere ein fin og flott fest sjølv om ein er færre, seier ho.

Kari Vatne, sokneprest i Borgund

Sokneprest i Borgund, Kari Vatne.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 18.01.2021
2 748
Smittede/uke
153
Innlagte
521
Døde
48 680
Vaksinerte