Hopp til innhold

Bryan Adams droppa privatfly til Ålesund

Det skal vere miljøengasjementet som gjorde at superartisten Bryan Adams fredag landa på Vigra flyplass i eit ordinært rutefly. Tusenvis av fans ventar på å høyre han denne helga.

Bryan Adams landa på Vigra flyplass

Bryan Adams landa fredag ettermiddag og reiste deretter rett mot Ålesund sentrum.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Det er andre gang i historia at Bryan Adams held konsert i Møre og Romsdal. Fredag og laurdag skal han underhalde tusenvis av fans, etter at Momentium klarte å få han til Ålesund. Sist var i 2012 under Raumarock.

Les også:

På rutefly til Ålesund

Verdsstjerna spelte og song i Oslo torsdag kveld, og kom fredag ettermiddag med eit heilt ordinært rutefly.

Dermed fekk mange sunnmøringar ei litt uvanleg flyreise heim denne fredagen - i selskap med ein artist mange drøymer om å møte.

Det skal vere Adams sitt miljøengasjement som ligg bak den uvanleg beskjedne transporten til Ålesund.

Rett til lydsjekk

Ifølgje NRK sin reporter på Vigra gav han ingen intervju på flyplassen, men gjekk rett inn i ein ventande bil. Deretter gjekk ferda rett til Sunnmørshallen for lydsjekk.

Bryan Adams på Vigra flyplass

Bryan Adams kom fredag ettermiddag ut av ruteflyet saman med dei andre flypassasjerane, og reiste deretter rett til lydprøver på Sunnmørshallen.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Klokka 20 startar den første konserten.

Responsen då dei første billettane blei lagt ut var så stor, at arrangørane bestemte seg for å setje opp ein konsert til. Dette skjer laurdag.

"Summer of 69", "Everything I do" og "Run to You" er nokre av dei mest kjende låtane til den snart 60 år gamle kanadiaren.

Les også: