Hopp til innhold

Brunt vatn i Molde

Molde Vann og Avløp ser alvorleg på at alarmen svikta då store delar av byområda i Molde fekk brunt vatn i kranane.

brunt vann i molde

Mange av innbyggarane i Molde opplevde å få brunt vatn i kranene denne helga.

Foto: Bjarte Koppen i Molde Vann og avløp.

Molde Vann og Avløp har ikkje mannskap som er til stades ved vassbehandlingsanlegget i Hindalsøra like ved Øverlandsvannet i Molde, til ei kvar tid.

Alarmanlegget overvakar systemet og skal varsle ved feil, men alarmen svikta i helga då store delar av byområda i Molde mellom Årø i aust, og Djupdalen i vest, fekk brunt vatn i kranane.

– Det er svært alvorleg at varslinga svikta i drikkevassforsyninga, og vi jobbar hardt for å få løyst problemet så raskt som mogleg, seier dagleg leiar Bjarte Koppen.

Veldig problematisk

Molde sitt vassbehandlingsanlegg forsyner byområda i Molde og Bolsøya, og får vatn frå Moldevannet, Bergsvatnet og Bårdsdalsvatnet som har tilsig frå fjell og myrområde.

Bjarte Koppen daglig leder i Molde Vann og avløp
Foto: gunnar sandvik / nrk

Hindalsøa er eit fullreinseanlegg, der brunfargen blir fjerna med sandfilter og desinfisert med ultrafiolett UV-lys.

Det blir normalt ikkje brukt klor i denne prosessen, men i helga vart det sett i gong kloring som ein ekstra tryggleik inntil situasjonen er normal igjen.

– Vi fekk raskt sjekka opp at desinfiseringa fungerte som den skulle, og at det var fargefjerninga som hadde stoppa opp, seier Koppen.

– Det er veldig problematisk at varslinga ikkje fungerte, og vi kjem til å ha ei manuell rutine til vi veit kva som var årsaka, seier Koppen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL