– Det gjekk med 4–5 kilo margarin på oppdraget

Hjelp frå kokken blei avgjerande då ein sjark gjekk på land sør for Sandnessjøen i Nordland. Eit gamalt triks måtte til for å tette skadane.

Brukte margarin til å tette hol på sjark.

MARGARIN: Det blei brukt margarin til å tette skadane som oppstod då sjarken trefte land.

Foto: Morten Monsen / takkeloffiser i Kystvakten

Det kunne fort ha gått verre då sjarken «Nerøybuen» frå Fosnavåg i Herøy kommune på Sunnmøre køyrde på land tidlegare denne veka. Skroget fekk skader i samanstøyten, men då Kystvakta kom til staden visste dei råd.

Eirik Høgstad Skipssjef KV Heimdal

GODT TRIKS: Eirik Høgstad seier at margarin er eit godt alternativ for å tette skader i båtar.

Foto: Privat

Redninga fanst i byssa, i kjølerommet til kokken. Der var det nemleg margarin.

– Det gjekk med rundt 4–5 kilo. Det var verdt å ofre litt margarin for å kunne hjelpe, seier Eirik Høgstad med eit smil. Han er skipssjef i Kystvaktskipet «Heimdal».

Det var Fiskeribladet som først omtalte saka.

Gammalt triks

Trass i meir avanserte hjelpemiddel var det margarin som blei valt som det beste alternativet.

Skader på sjark etter å ha køyrd på land.

SKADER: Sjarken fekk skader på skroget i samanstøyten med land. Føraren av båten blei ikkje skadd i uhellet.

Foto: Morten Monsen / Takkeloffiser i Kystruten

– Det er mange måtar å tette slike skader på, men når det er mindre hol, sprekker og splintring, så er det gunstig å bruke margarin. Det er veldig egna til denne type skader, seier Høgstad.

Margarinen var det kokken om bord i KV «Heimdal» som sørga for.

– Vi hadde eit lager som vi kunne ta av, seier skipssjefen lattermild.

Høgstad seier at margarintrikset er godt kjent i det maritime miljøet, men at dette var første gang mannskapet om bord i skipet testa metoden. Saman med kapteinen på sjarken brukte dei margarinen til å tette hola i skroget.

– Det er lurt å varme margarinen litt først slik at den blir enklare å forme. Så herdar den godt når det er kaldt. Den held også svært bra i sjøen, seier Høgstad.

Også Redningsselskapet anbefaler å bruke smør eller margarin dersom ein får hol i skroget på båten.

Gjorde nytta

Då det seinare blei flo igjen kom sjarken seg fri frå land. Båten flaut godt i vatnet og ein kunne konstatere at margarinen hadde gjort jobben. Men det blei også oppdaga nye skader, noko som førte til at det kom litt vatn inn i sjarken.

Sjarken Nerøybuen gjekk på land utanfor Sandnessjøen.

PÅ LAND: Sjarken blei ståande på skrå etter uhellet. Den blei sikra med stropper for å unngå at den bikka meir over på sida.

Foto: Morten Monsen / Takkeloffiser i Kystvakten

– Vi hadde plassert lenser i båten i tilfelle margarintrikset ikkje fungerte. Desse pumpa ut dette vatnet, så det gjekk veldig fint, seier Høgstad.

Sjarken fekk så følge til Sandnessjøen. NRK har vore i kontakt med eigaren av sjarken som fortel at alt har gått bra, men at han ikkje ønskjer å kommentere saka noko ytterlegare.

Laster Twitter-innhold