Hopp til innhold

Brukte dagen til å glede andre

Ungdomsskuleelevar over heile landet gjorde torsdag ekstra mykje for å gjere andre glad. Eit klapp på skuldra og eit hyggeleg smil er ofte alt som skal til.

I Ulsteinvik var det mange som fikk en hyggelig overraskelse i dag.

Sara Helen Ulstein, Idunn Regine Wik, Guro Soleng, Celine Mork. Iver Fiskaa Ødegård, Johanne Skeide Rooney og Malene Berg har alle gjort noko for å glede andre 23. november.

– Vi har gjort ein innsats for å glede folk ekstra mykje akkurat i dag, seier Sara Helen Ulstein i Ulsteinvik. Ho er ein av ungdomsskuleelevane som var på plass i Ulsteinvik sentrum rett etter skuletid for å glede andre.

23. november er nemleg årets varmaste dag, ifølgje den haldningsskapande organisasjonen MOT, som jobbar med å styrke ungdom si bevisstheit og gjere dei robuste. Dei har kalla denne dagen Mot til å glede-dagen, og hovudmålet for ungdommane er å spre glede.

Sara Helen Ulstein og medelevane hennar i Ulsteinvik delte ut både smil og sjokolade til folk dei ikkje kjende, berre for å få dei til å smile litt ekstra.

– Folk blir veldig glade. Det er kjekt å sjå at vi kan glede så mange på ein heilt vanleg dag, smiler Sara Helen.

– Gi folk eit klapp på skuldra

Også i Ålesund har ungdom tatt Mot til å glede-dagen på alvor. Ein av dei er MOT-ambassadør Tengel Lia Fredriksen, som går i 9. klasse ved Kolvikbakken ungdomsskole.

Han har gått rundt til dei ulike klassane og delt ut vaflar slik at alle elevane skulle få oppleve noko kjekt denne dagen.

– Det er viktig å glede ein venn eller ein framand eller nokon som føler seg utanfor. Berre det å seie ein fin ting til nokon gjer mykje, forklarer Tengel.

– Dersom nokon gir deg eit klapp på skuldra, så får du kanskje ein betre dag, meiner han.

Ansvar for å glede andre

Tengel Fredriksen

Tengel Lia Fredriksen er ung motivator ved Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Som MOT-ambassadør og ung motivator har Tengel ekstra mykje ansvar for å glede andre.

– Eg skal vere ein person som du kan gå til og snakke med og som kanskje kan få dagen din til å bli betre, forklarer han.

Lærar ved Kolvikbakken ungdomsskole, Lars Martin Vik, ser at det er viktig å snakke opp kvarandre og vere postiv for at andre skal føle seg trygge.

– Når vi gir varme til andre, blir vi betre menneske av det, understrekar han.

9. klassingen Tengel opplever sjølv kor viktig det er å gjere andre glad.

– Ja, spesielt dersom ein har ein dag der ein er i litt nedfor. Dersom nokon spør om du vil vere med eller seier ein fin ting til deg, så kanskje det gjer dagen din mykje betre.

– Etter denne dagen føler eg at endå fleire er obs på det og ser om det er nokon som er litt utanfor eller nokon som kanskje ikkje har ein god dag, seier Tengel.

Sjå Tengel snakke om Mot til å glede-dagen då han ver gjest i TV-sendinga til NRK Møre og Romsdal:

Tengel Fredriksen fra Ålesund er Ung MOTivator, og forteller om hvor lite som skal til for å glede andre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL