Hopp til innhold

Brukar sjøvegen for å kome seg til skulen

I helga blei delar av fylkesvegen ved Tjørvåg vaska vekk av regnet – det har fått folk til å kome opp med kreative transportløysingar.

Amanda Holstad Ramstad og Gøril Aurvåglid Ramstad

Det er utfordrande å kome seg til skulen når fylkesvegen er stengt. Amanda Holstad Ramstad og Gøril Aurvåglid Ramstad tok båten til skulen for å kome fram til rett tid.

Foto: Rolf Arne Ramstad

Vei rast ut i Tjørvåg

Slik såg fylkesvegen i Tjørvåg ut eter at store nedbørsmengder vaska vegg vegen laurdag kveld.

Foto: Odd-Einar Hjelle

Dreneringsrøyret som skulle ta unna vassmengdene under fylkesvegen tetta seg laurdag kveld. Elva fløymde over og vaska vekk store delar av vegen. Det har ført til at mange må køyre lange omvegar – eller rett og slett ty til sjøen for å kome seg frå A til B.

Heiv seg i båten

Då vegen forsvann var gode råd dyre. Rolf Arne Ramstad måtte finne ein måte å få dottera og niesa si til skulen – og båten vart løysinga.

Opprydding etter øydelagd veg i Tjørvåg

Vegvesenet starta arbeidet med reparasjonar allereie søndag, og opplyser at vegen vil bli opna tidlegast onsdag.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi blei tvinga til å tenke kreativt, og båten kan godt brukast så lenge vêret er fint. Vi var usikre på om bussane gjekk i dag, og viss dei gjekk så hadde dei garantert kome for seint til skulen, fortel far og onkel til jentene, Rolf Arne Ramstad.

Den lange omkøyringsvegen skaper vanskar for både skuleelevar og pendlarar i Herøy. Vegen er hovudfartsåra inn til Fosnavåg og det er no omkøyring via fylkesveg ti rundt Gurskøya (sjå kart).

Dei bur på Kalvnes i indre Tjørvåg. Det hadde tatt dei nesten ein time å køyre omvegen til skulen på Stokksund. Med båten klarte jentene å kome seg fram på berre 13 minutt.

– Vi har snakka om å ta båten til skulen før, så lenge vêret tillét det. Etter at det regna frå seg i helga har det vore rimeleg greitt, seier Ramstad.

Eg kan ikkje huske sist vi sov så tungt. Uten trafikken har det vore heilt stille.

Frode Berg Tjervåg

Skremmande oppleving

Kona og dottera hans køyrde over den no øydelagde vegen like før den rasa.

– Det var skremmande å tenke på etterpå at dei for forbi like før vatnet tok med seg vegen, seier han.

Køyrer over markane med traktor

For sambygdingane Frode Berg Tjervåg og dottera ... blei traktoren nyttig. I staden for å køyre den lange omvegen har dei heller tatt seg over markane ved sidan av den øydelagde vegen for å kome seg til skulen.

– Vi bur berre 50 meter frå der vegen rasa saman. Det er på rett side i forhold til min jobb i Ulsteinvik, men feil i forhold til skulen. Då var det berre å få start på traktoren for å kome seg dit, fortel Tjervåg.

Elveleiet graves på plass i Tjørvåg

Tjervåg bur rett ved vegen, og brukar traktoren for å komme seg over på andre sida av den øydelagde vegen - slik at han får køyrt dottera til skulen.

Foto: Odd-Einar Hjellen

Elva tok med seg leire og stein

Han fortel at det buldra kraftig i elva laurdag kveld. Elva tvinga seg fram og laga fleire nye løp like rundt husveggane hans. Dei såg at dei store vassmengdene kom til å nå vegen, og var kjappe med å varsle politiet.

– Dei kunne ikkje kome med det same, men eg gjekk ned til vegen og hang opp sperringar. Det er ikkje lett å sjå eit hol i vegen midt på natta, spesielt ikkje i ei 80-sone.

Heldigvis var det ingen som køyrde utfor vegen den kvelden. Det er vanlegvis mykje trafikk på fylkesvegen gjennom Tjørvågane – men den må no gå rundt Gurskøya.

– Eg kan ikkje huske sist vi sov så tungt. Utan trafikken har det vore heilt stille, seier Tjervåg.

Det er Ramstad einig i. Dei ser fram til fleire rolege dagar – inntil vegen er reparert.

– No får Moltustranda og Gursken merke kor mykje tungtransport vi vanlegvis får forbi her. Normalt sett passerer fleire titals vogntog kvar dag, seier Ramstad.

Tjørvåg

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL