Hopp til innhold

Bruktbutikk på Bingsa

Ålesund kommune vil starte bruktbutikk på avfallsmottaket Bingsa frå hausten av.

Bossberg på Bingsa

Ved Bingsa kan det bli bruktbutikk i tillegg til miljøstasjonen.

Foto: Ragnhild Osnes Olsen / NRK

Mengda avfall som blir levert til anlegget har dobla seg på to år, og mykje av dette er brukbare ting.

Ingmund Alvestad i Ålesund kommune meiner ein butikk inne på sjølve Bingsa vil gjere det enklare for folk både å kvitte seg med gamle ting, og å skaffe seg nye.

- Når dei kjem på Bingsa med ulike gjenstandar, må ein kunne vurdere om dei kan nyttast vidare, seier Alvestad.

Etterspurnad

- Då blir det kort veg frå miljøstasjonen til bruktbutikken, legg han til.

Nordmøre Interkommunale Renovasjonsselskap har allereie ein liknande butikk ved miljøstasjonen på Hagelin.

På same vis er det tenkt at den nye butikken skal ligge like ved miljøstasjonen på Bingsa.

- Det har bakgrunn i at folk etterspør det. Vi ser også at folk kjem til Bingsa med veldig mykje bra ting som kan brukast vidare, seier Ingmund Alvestad.

Lurt å ha butikk ved miljøstasjon

Innherred Renovasjon i Trøndelag har to bruktbutikkar ved avfallsmotaka i Levanger og Stjørdal.

Dei starta opp for nesten ti år sidan og utviklingssjef Bjørn Heggelund meiner Ålesund kommune gjer rett i å velje å starte butikken på Bings.

- Vi trudde det når vi starta opp dette, at vi skulle ha butikken i sentrum, der det var mykje folk. Men det viser seg at det er vel så bra å ha det på den plassen der folk leverer avfallet sitt, seier Heggelund.

- Då har folk gjerne med seg tilhengar, og kan kjøpe større ting samtidig.

Kan gå med overskot

Det er ikkje sikker kven som skal drive butikken på Bingsa. Kommunen har vore i kontakt både med Frelsesarmeen og Sunnmøre Indremisjon.

Dei vil i tilfelle få overskotet frå butikken.

For det er mogleg å få overskot ut av ein slik butikk, fortel Heggelund.

- Vi har som mål at alle kostnadene vi har med dette skal dekkjast inn med sal av varer. Og i år ser det riktig bra ut, fortel han.

- Held det fram slik det går no blir det nok eit lite pluss også, avsluttar han.