Hopp til innhold

Svein-Rune har logga 1111 treningskilometer hittil i år

Svein-Rune Johannessen startar nesten kvar dag med ein joggetur. Til no i år har han logga 1111 kilometer med treningsappen han brukar. I tillegg har han mellom anna sprunge eit par maratonløp.

Svein-Rune Johannessen

TRENINGSKOMPIS: Svein-Rune Johannessen i Ålesund har mobilen som fast treningskompis.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Klokka er 0515. Det er så vidt det er plussgrader i Ålesund. Dei fleste ligg godt og varmt under ei dyne. På langt nær klare til å starte ei ny veke.

Svein-Rune Johannessen tar på seg treningskle, trykker på play på treningsappen og spring ut i den kalde aprilmorgonen.

Les:

Svein-Rune Johannesen

MORGONFUGL: Grytidleg om morgonen spring Svein-Rune Johannessen si faste runde langs vegane i Ålesund.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Gir motivasjon

I over eit år har kyrkjeverje, bytyrepolitikar og familiefar Svein-Rune Johannessen i Ålesund stått opp grytidleg for å springe nesten kvar dag. Den faste treningsrunden er rundt 16 kilometer.

Treningsapp

RUNDA: Svein-Rune Johannessen sjekkar gjennomsnittstid, sluttid og lengd på dagens springetur.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Eg trenar før jobb fordi då går det ikkje utover tida med familien. Eg spring runda, dusjar, lagar frukost og matpakkar før dei står opp, fortel han.

Men han vedgår at det er lite selskap i han utover dei små timar.

– Eg legg meg rundt 22 kvardagar, og så sit eg ofte og søv i ein stol rundt klokka 23 i helgane.

Det er to år sidan han starta å logge treninga si med treningsappar på mobilen.

– Eg kan samanlikne med meg sjølv og sjå utviklinga over tid. Det gir motivasjon, seier han.

Postar på Facebook

Svein-Rune Johannesen

SJEKKAR: Dette er etter kvart blitt eit vanleg syn. Ein joggar som sjekkar treningsappen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Trening i sosiale medium er elska og hata. Å følge med på andre sine treningsøkter via appar eller oppdateringar på Facebook kan både inspirere og irritere.

Svein-Rune Johannessen postar av og til treningsøkta på Facebook. Så rundt dei tider mange av hans Facebook-vener står opp, ligg der klar ei oppdatering frå Johannesen om at han har sprunge minst 16 kilometer.

– Trur du andre kan bli misunnelege på deg fordi du er så sprek?

– Eg får ikkje så mange tilbakemeldingar. Men dei eg får er positive. Dessutan ser eg ikkje på meg sjølv som så veldig sprek. Det er vel ikkje noko gale i å halde seg i form, det er heller gale å ikkje halde seg i form, seier han.

Gir meir

Treningsapp

AKKURAT: 16 kilometer blank. Eit fint tal på treningsappen i god tid før klokka er sju om morgonen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Svein-Rune Johannessen meiner at det gir han meir å trene med treningsappen enn utan. Men når han spring maraton i utlandet, blir det for dyrt å logge.

– Så i tillegg til dei kilometera eg har logga, har eg sprunge to maraton og nokre treningsrundar i utlandet. Det vil seie rundt 33 mil i tillegg, seier han.

Han meiner treningsappen gir meir enn motivasjon til å yte meir på trening.

– Når eg reiser rundt i landet på kurs og møter er det veldig kjekt å bruke appen til å finne nye rundar å gå og springe, seier Johannessen, før han spring heim for å dusje og gå på jobb.

Endomondo

ÅRETS: Svein-Rune Johannessen har ein grei treningsstatistikk å vise til.

Foto: Skjermdump