Hopp til innhold

Bruker helga på graffiti

Frå laurdag til søndag blir veggen bak Fagerlihallen måla av fem menn. Veggen er den største lovlege graffiti-veggen i området.

Graffiti Fagerlia

Saman med 4 andre målar Robert Sandberg denne veggen bak Fagerlia Vidaregåande skule denne helga.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Dei fem starta laurdag med å måle heile veggen, men grunna regnet sundag vart heile prosessen forlenga.

Målar mest kvar for seg

- Me håper på opphaldsver resten av dagen, fortel Robert Sandberg. Han er ein av dei fem som jobbar med målinga. Ut på ettermiddagen sundag mangla dei framleis to figurar på veggen, i tillegg til at teksta ikkje er fullført.

To av dei fem er tilreisande, medan dei tre siste held til i Ålesund.

- Me målar mykje kvar for oss, men det er sjeldan me er så mange i lag om ein vegg, fortel Sandberg.

Han kan fortelje at dei ofte målar ting på bestilling, som kjellarstover eller russebilar. Det er ikkje veldig mange som vil ha denne typen måling, men oppdraga kjem stadig inn.

Individualismen rår

- Når me målar på festivalar dekkjer det som regel berre inn utgiftene, men andre oppdrag kan betale godt, fortel Kasper. Han er ein av dei to tilreisande som er komne til Ålesund for å måle denne helga.

Prosjektet ved Fagerlia vidaregåande skule har kome til etter litt planlegging, men på grunn av individualismen i graffiti er det ikkje alt som kan planleggast.

- Me starta med same type måling, same fargane, men likevel endar me opp med heilt forskjellige uttrykk, fortel Sandberg.

- Me bestemte oss for å ta heile veggen, og avgjorde at me skulle måle mus i tillegg til teksta. Utover det har individualismen bestemt, seier Kasper.