Hopp til innhold

Brukarutvalet om fødetilbodet

Brukarutvalet som representerer pasientar og pårørande i Helse Møre og Romsdal, tek ikkje stilling til kva for eitt av sjukehusa nord om Romsdalsfjorden som bør stå for fødetilbodet. Det seier leiar i utvalet Paula Næss Skår. Ho seier likevel at Brukarutvalet er oppteke av at tilbodet må vere fagleg forsvarleg, og då må ein lytte til det fagfolka seier. Paula Næss Skår beklagar at ein har hamna i den situasjonen ein har gjort når det gjeld fødetilbodet i Romsdal og på Nordmøre.

Brukarombod Paula Næss Skaar i Helse Møre og Romsdal
Foto: Sissel Brunstad / NRK