Det offentlege kjøper tolketenester for 800 millionar kvart år, men dei fleste av tolkane som blir brukt er ikkje kvalifiserte. Det viser den årlege kartlegginga frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Seks av ti er ufaglærte.
– Det er dramatisk når dårleg tolkearbeid sett rettstryggleiken i fare. Små nyansar i språket kan ha stor betydning for korleis den som blir avhøyrt blir oppfatta, seier Alexandra Therese Solaas i Norsk tolkeforeining.
I helsevesenet kan misforståingar i språket bli fatale.
– På sjukehus får ein ikkje ein ny sjanse til å rette opp feil, slik som i domstolen. Der kan feil tolking bli kritisk, seier Solaas.
Tolkar medan kone og barn høyrer på
Ein ny forskingsrapport frå Universitetet Oslo Met frå dei 29 største NAV-kontora viser at 81 prosent av tolkeoppdraga gjekk til personar utan tolkeutdanning.
Her kjem det fram at tolkane overset berre deler av kommunikasjon, slik at viktige bitar fell ut. Det er også avdekt brot på teieplikta når tolkinga skjer via telefon:
«... og så hører vi unger som løper i bakgrunnen og kasseroller som flyr og en kjerring som står og … (…) vi måtte bare: «Vi forstår at du er i en hjemmesituasjon, men vi ønsker at du lukker døren og at det ikke skal være noen forstyrrelser. Du har taushetsplikt», og det ble jo litt ubehagelig i samtalen, for da følte jo ikke brukeren seg trygg igjen.»
Politiet braut lova
Politiet i Møre og Romsdal har fått eit gebyr på 847 000 kroner for å ha kjøpt tolketenester utan å fylgje regelverket for offentlege innkjøp. Politiet brukar tolkar i til dømes avhøyr av utlendingar, i ulykker og etterforsking. Berre i fjor betalte det norske politiet nesten 60 millionar til tolkar, og vedgår sjølve at kvaliteten ofte er for dårleg:
«Tolkene som benyttes mangler ofte opplæring og sertifisering, både tolke- og politifaglig. Det finnes ingen felles retningslinjer eller standarder for bestilling og bruk av tolk i politiet og det eksistrerer liten eller ingen koordinering av tolkeoppdrag».
Det kjem fram i ein intern politirapport.
Etterlyser meir kunnskap hos innkjøparane
Det blir brukt store ressursar på å utdanne tolkar. I dag er over 2000 kvalifiserte tolkar oppført i Nasjonalt tolkeregister, men slettes ikkje alle brukar dei.
– Eg trur det er enkelt for mange å bruke ukvalifiserte. Vi ser at det er låg kunnskap om tolkemarknaden hos innkjøparane, seier seksjonsleiar Hanne M. Løfsnes i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) .
Ei ny tolkelov har vore på høyring og blir behandla i Stortinget om kort tid. Lova skal sikre kvaliteten.