Hopp til innhold

Brukar karanteneunntak

Helse Møre og Romsdal er avhengig av unntak frå karantene-reglane for å kunne oppretthalde den alternerande opninga av fødeavdelingane i Molde og Kristiansund. Dette skjer når avdelingane må hente inn nye vikarar.

Det kom fram på styremøtet i dag.

– Det må søkast for kvart unntak, og unntaka blir behandla ut frå reglane om å unngå fare for liv og helse. Kvart tilfelle blir underlagt individuell behandling, sa administrerande direktør Øyvind Bakke.

I perioden med alternerande opning er det til saman fødd 55 barn. Ordninga skal evaluerast på eit møte komande måndag.

Fødeavdeling Kristiansund
Foto: Eirik Haukenes / NRK