Hopp til innhold

Bruaset tar eit år til med "Ingen skulle tru at nokon kunne bu"

Programskapar Oddgeir Bruaset skulle pensjonere seg til nyttår, men ombestemte seg. Dermed blir det fleire program med "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Oddgeir Bruaset har takka ja til nok ein sesong i den populære serien 'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu'

-Eg var spent på overgangen frå å ha så mange reisedøgn i året, til å vere heimeverande . Den uroa er utsett i eitt år, smiler Bruaset.

Oddgeir Bruaset fyller 67 år i desember og skulle etter planen bli pensjonist i vinter.

Oddgeir Bruaset fikk Gullruteprisen 2008

I 2008 fekk Oddgeir Bruaset Gullruteprisen

Foto: Aina Rødal / NRK

Sjå episodane her: Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Siste sesong

Programserien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" har vore ein av dei mest populære fjernsynsseriane i Noreg dei siste åra. Bruaset og produksjonslaget ved NRK Møre og Romsdal fullfører no opptaka til den 10. sesongen. Det var meininga at dette skulle bli den siste runden med veglause gardar og menneske som har teke litt andre val enn folk flest.

Skulle site heime og forfatte

Bilder fra TV-serien "Der ingen skulle tru ..."

Det blir endå ein sesong av 'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu'

Foto: NRK

-Eg hadde planar om å site heime og skrive som pensjonist. Eg kan jo ikkje gå frå full jobb til ingenting, seier Bruaset. Men skriving får han ikkje så god tid til likevel. I sommar vart han spurt om han kunne vere med i enda ein sesong.

-Eg vart både overraska og smigra, seier Bruaset. Han måtte ha ei lita tenkepause før han takka ja til eit år til.

Kona med på råd

– Hadde ho heime von om at du fekk betre tid til arbeid i heimen no når du skulle verte pensjonist?

– Det er er nok av arbeid å ta tak i, i hus og heim og hage, men ho har sjølvsagt blitt tatt med på råd, seier programskaparen.

Treng nye kandidatar

Oddgeir Bruaset og Tor Sivertstøl

Oddgeir bruaset saman med fotograf Tor Sivertstøl

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

No skal han starte jobben med å finne seks nye kandidatar til den aller siste sesongen, som skal gå i 2013.

-Dei finst der ute. Utfordringa er å lage ein spanande miks med ulike aldersgrupper, geografisk spreiing og ein variasjon av kva dei lever av, seier Bruaset.

Fantastisk jobb

-Blir du aldri lei?

-Det hender vel at du kunne tenke deg når du står med kofferten i handa, at det hadde vore fint å vere heime i staden. Men samstundes tenker eg at eg er heldig som har ein så fantastisk jobb, seier Bruaset.