Hopp til innhold

Bruaset årets TV-favoritt

Oddgeir Bruaset blei laurdag kveld kåra til årets TV-favoritt i programmet Gullruten i TV2. Bruaset blei stemt fram av lesarar til bladet Se og Hør og av dei som såg TV-programmet.

Oddgeir Bruaset med Gullruten

Oddgeir Bruaset med Gullruten etter tildelinga laurdag kveld.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Bruaset konkurrerte i siste runde med 3 andre kandidatar, men stakk av med Gullruten etter den endelege avstemninga laurdag.

'Der ingen skulle tru...'

Oddgeir Bruaset har i ei årrekke produsert programmet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Programmet har hatt stor stigning i sjåartala på NRK1 og har etterkvart oppnådd over ein million sjåarar for kvart program på søndag kveld.

I takketalen etter tildelinga rosa Bruaset leiinga i NRK som i si tid torde å satse på programmet. Han takka kollegaer ved distriktskontoret i NRK Møre og Romsdal der programma har blitt produsert, og han takka ikkje minst familien som har halde ut med at han har farta land og strand rundt.

Oddgeir Bruaset i Gullruten

Oddgeir Bruaset saman med ein av konkurrentane til prisen, Line Verndal frå NRK-serien Himmelblå, og programleiarane i Gullruten.

Foto: Svein Smørdal / NRK