NRK Meny
Normal

Brøytebil velta og sperra vegen

Snømengdene har bydd på utfordringar for mange bilistar måndag. Ved Sogge i Surnadal fekk til og med brøytebilen problem og velta.

Brøytebil velta

Brøytebilen velta og sperra delar av vegen.

Foto: Bjørn Fjelnset

Plutseleg kom det store snømengder i Møre og Romsdal og i morgontimane måndag hamna tre bilar i grøfta mellom klokka 08.00 og 09.00.

Også utover dagen har fleire bilistar fått problem på grunn av snømengdene på vegane og brøytemannskapa har hatt det travelt.

I Surnadal var brøytemannskapet så uheldige at brøytebilen velta under brøytinga og sperra delvis fylkesveg 325 ved Sogge.

Brøytebil velta

Bergingsbilar måtte til for å få opp den velta brøytebilen.

Foto: Bjørn Fjelnseth