Hopp til innhold

Brot på helsepersonellova

Fylkeslegen konkluderer med at ein lege ved legevakta i Ålesund har brote helsepersonellova etter å ha undersøkt ei høggravid kvinne tidlegare i sommar. Legen klarte ikkje å finne fosterlyd, og i staden for å kontakte medisinsk bakvakt, sende han henne heim. Fylkeslegen meiner pasienten blei påført unødvendig uro, og meiner legen burde skjønt at han ikkje kunne sende henne frå seg etter ein slik beskjed. Legen og kommunen må no vurdere om han har gode nok norskkunnskapar til å halde fram i jobben.

Babyen deira skal ha blitt erklært død
Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL