Hopp til innhold

Straumrasjonering kan bli aktuelt

I verste fall kan det dramatiske straumbrotet i dag tidleg føre til straumrasjonering i Møre og Romsdal. Det er ikkje mykje å gå på i vassmagasina på Sunnmøre.

Trafostasjonen på Giskemo i Ørskog.

Her i Ørskog kjem straumen frå nord inn til Sunnmøre. Brot på hovudleidningen har skapt store problem i Møre og Romsdal og deler av Sogn og Fjordane i dag.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Brotet på hovudkraftlinja mellom Sunndal og Ørskog førte til at 120 000 sunnmøringar var utan straum to gongar i morgontimane.

120 000 utan straum

Svein Rødal i Istad Nett

Beredskapssjef for kraft i Møre og Romsdal, Svein Rødal, seier straumrasjonering kan bli aktuelt om feilen på kraftlinja er alvorleg.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Kraftselskapa Tussa og Tafjord har no sørga for nok eigenproduksjon av kraft til å forsyne abonnentane på Sunnmøre

Statnett veit enno ikkje kor alvorleg brotet er. Dersom det tar lang tid å fikse linja, kan det bli snakk om rasjonering på Sunnmøre.

Beredskapssjefen for kraftforsyninga i Møre og Romsdal, Svein Rødal, er svært spent på resultatet av Statnett sine undersøkingar.

Låg fylling i magasina

Advarer om kraftsituasjonen

Svein Rødal har fleire gonger åtvara mot sårbar kraftsituasjon i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Vassmagasina på Sunnmøre er allereie svært slunkne. Dersom situasjonen blir langvarig, kan det bli snakk om rasjonering utover våren.

– Vi er på eit kritisk nivå alt no. Dersom situasjonen blir langvarig, vil det kunne skape problem for Sunnmøre. Kanskje for Møre og Romsdal også.

- Kva problem snakkar du om då?

Det er vanskeleg å spekulere når vi veit så lite, seier han.

– Men dersom vi skal verste fall, så kan dette auke faren for straumrasjonering i løpet av våren. Dersom vi ikkje har vatn til å produsere kraft og hovudleidningen frå nord er ute, så er det ikkje nok kraft til å forsyne Sunnmøre med reserveleidningen vi no har kobla inn.

Ventar på Ørskog Fardal

Svein Rødal seier Sunnmøre ikkje hadde mista straumen i ein liknande situasjon dersom den planlagde kraftlinja mellom Sogn og Sunnmøre hadde vore på plass.

– Feilen på linja mellom Sunndalsøra og Ørskog hadde ikkje ført til straumbrot på Sunnmøre om den nye linja var på plass. Ørskog har berre mating nordfrå i dag, men med den nye linja vil matinga bli dobla, seier Rødal til NRK.