Hopp til innhold

Har gått over 100 turar i sommar

Medan mange ungdomar har sitte framfor datamaskina i sommarferien, har brødreparet Oliver (14) og Dennis Ekeland (11) gått i fjellet. Målet er 136 turar.

Oliver og Dennis Ekland på fjelltur

Oliver og Dennis Ekeland er ivrige turgåarar. På toppen er det postkasse med kode, som dei registrerar.

Foto: Yvonne Ekland

Gjennom heile sommaren har dei to ålesundsgutane stått opp i 6-7-tida for å gå på fjellet. Saman med mamma Yvonne Ekeland har dei meldt seg på postkassetrimmen Stikk Ut gjennom Sunnmøre friluftsråd, med 136 turar å velje mellom. Yvonne slit med helsa og då er trening ein del av behandlingsopplegget.

– Det gjekk litt tregt i starten, men det har gått betre og betre. Det er gøy å gå på tur, seier Oliver.

Mamma er sinka

Dennis og Oliver Ekealand

Her er Dennis og Oliver på fjellet Heggurdalen i Norddal kommune.

Foto: Yvonne Ekeland / NRK

Dei tre har gått på turar i alle variantar. Nokre høgt til fjells, andre langs fjøra. På dei brattaste plassane har den vesle familien brukt opp mot 10 timar og tatt det som ein dagstur. Mamma Yvonne innrømmer at det er ho som er sinka. Gutane hadde gått mykje fortare, hadde dei ikkje måtte vente på henne.

– Det beste med å vere på tur er at vi ser så mange dyr. Vi ser froskar, lemen og også røyskatt, fortel Dennis. For Oliver er det alle steinane han kjem over som er litt av motivasjonen for fjellturane. Han er svært geologiinteressert og samlar på stein. Yvonne trur også at jakta på kodar i postkassetrimmen er ein motivator for å komme seg ut.

– Det var ein gong vi måtte ta drosje heim frå fjelltur. I iveren etter flest mogleg kodar, kom vi ned frå fjellet på ein heilt annan stad enn bilen stod, ler Yvonne. Dei klarte seks turar den dagen.

Bok gir motivasjon

Friluftsråd over heile landet har plassert ut postkasser med bøker til å skrive seg inn i, og nokre har digitale løysingar. Kommunikasjonsrådgivar i Friluftsrådenes Landsforbund, Asgeir Knudsen, seier at det å kunne skrive seg inn i ei bok eller logge inn ein kode, gir mange motivasjon.

– For mange kan det å skrive seg inn i boka, rett og slett vere grunnen til å gå på tur. Eg trur det er greit for mange å sette seg eit mål, seier Knudsen.

Han trur ikkje det er premien ein eventuelt kan få for å ha flest noteringar i boka som triggar, men det å samanlikne seg med andre og vere med på lista. Friluftsråda opplever at mange barnefamiliar aktivt brukar postkassene når dei er på tur.

Skal vere lystbetont

For Yvonne er det sjeldan problem å få med seg dei to gutane ut på tur og trebarnsmora er klar på at alle turane skal vere lystbetonte.

– Det handlar ikkje om at eg skal dra gutane med på tur. Det er vi tre som skal på tur saman, seier Ekeland. Ho er glad for at sønene får bli kjent i nærmiljøet og oppleve så mykje fin natur.

Hårete mål

Målet til dei tre er å klare å gå alle dei 136 turane til Sunnmøre friluftsråd, men det kan bli vanskeleg. Det er dei mest krevjande turane som står att og Yvonne er usikker om ho får det til.

– Vi tar så mange vi klarer. Eg tenker at vi tar eitt og eitt skritt og til slutt kjem vi til målet, seier Yvonne.

Yvonne, Oliver og Dennis Ekeland

Det er mamma Yvonne som har vore pådrivaren for turprosjektet. Ho slit med helsa og må trimme for å halde seg i form.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK