NRK Meny
Normal

Bronsebyste av Ragnar Ulstein

I Ulsteinvik vil ei nemnd i regi av historielaget jobbe for at det våren neste år vert plassert ei bronsebyste av sambygdingen og krigsveteranen, Ragnar Ulstein (95). Planane vart presenterte i dag.

Ragnar Ulstein

Ragnar Ulstein.

Foto: Arne Flatin / NRK

Aksel Hauge vert leiar for nemnda, han er også leiar i Ulstein historielag. Med seg har han Heidi Myklebust, Leif Ringstad (frå kommunen), Ottar Kaldhol, Kjell Garnes og Svein Eiksund.

Nemnda har alt vore i kontakt med ein kunstnar som vil kunne lage bronsebysta. Hauge vil ikkje ut med kor mykje det vil koste å få finansiert prosjektet, men dei er alt i kontakt med bankar som kan bidra. Han reknar også med at kommunen vil bidra.

Aksel Hauge

Aksel Hauge er leiar for historielaget, og skal også leie nemnda som skal få realisert planane om ei bronsebyste av Ragnar Ulstein.

Foto: Arne Flatin / NRK

Hauge kjenner seg trygg på at dei får finansiert dette. Viss ikkje hadde dei ikkje sett i gang denne prosessen, seier han.

Ulstein historielag har fått fleire oppmodingar med Kjell Garnes i spissen om å få laga det dei kallar ein lokal og synleg heider for Ragnar Ulstein.

Ulstein sjølv vart glad då han fekk høyre om planane og håper han vil vere i form til å delta når bysta etter planen vert avduka ein gong våren 2016. I følgje Aksel Hauge kan dette skje anten på 96-årsdagen til Ulstein, den 19.april, eller på frigjeringsdagen 8.mai.

Aksel Hauge

Aksel Hauge presenterte planane i dag. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Nemnda har alt vore i kontakt med Ola Stavseng i Stordal som kan ta på seg arbeidet med å lage bysta.