Hopp til innhold

Braut karantenereglane – gjekk på fest

Ein person som arbeidar i helse og omsorgstenesta i ein kommune, braut karantenereglane og gjekk på fest. Vedkommande skal ha vore i kontakt med ein koronasmitta.

KORONAVIRUS

KORONAVIRUSET: Har vore i kontakt med ein som var smitta av koronaviruset. Drog på fest.

I perioden 10.–12. mars hadde ein tilsett i helse og omsorgstenesta på Nordmøre i Møre og Romsdal kontakt med ein pasient som var smitta av koronaviruset.

Dette førte til at den tilsette vart sett i heimekarantene i 14 dagar. Men natt til laurdag skal vedkommande har gått på ein fest hos naboen.

– Vedkommande har forklart seg til politiet og uttrykt anger for å ha deltatt på den festen, seier politiadvokat Mathias Häber.

Politiet seier også at personen har vore testa for koronaviruset etter det vart kjent at vedkommande har vore i kontakt med ein smitta, men testa da negativt.

– Sjølv om ein testar negativt må ein framleis følgje reglane for karantene, seier Häber.

Det var den tilsette sjølv som meldte til sin arbeidsgivar om at vedkommande hadde vore på fest. Arbeidsgivar valde å melde vedkommande til politiet.

Det førte til eit førelegg på 20.000 kroner for brot på smittevernlova.

Dette er det første tilfellet i Møre og Romsdal, der politiet har gitt eit førelegg på grunn av brot på smittevernlova.

– Vi får stadig inn tips frå folk som tipsar oss om brot på til dømes karantenereglane. Men dette er første gong vi har gitt eit førelegg, seier Mathias Häber.

Også i Kongsvinger fekk ein person bot på 20.000 kroner for brot på smittevernlova. Han skal ha vore på utanlandsferie, men dukka opp på ein fest førre helg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL