Braut besøksforbod
Ein mann tidleg i trettiåra er dømd til fengsel i syttifem dagar for brot på besøksforbod. Mannen er tidlegare dømd for vald mot kvinna og hadde forbod mot å kontakte henne.
Ifølgje dommen har mannen brote besøksforbodet før. Denne gongen skal mannen ha sendt kvinna video på sosial media-plattform.
Brotet på besøksforbodet har vore skremande, det har redusert livskvaliteten til kvinna og skapt frykt for nye brot på besøksforbodet, står det i dommen.