Hopp til innhold

Brattvågarane snakkar om Ullevaal

I Brattvåg er dei klare for kva som helst no. Dei aller ivrigaste snakkar om cupfinale.

Brattvåg fotballjubel

Vill jubel: Jonas Austnes Hellandsvik (t.v.) og Henrik Otterlei Hurlen har trua på at cupeventyret kan halde fram for Brattvåg. Nesten alle skuleelevane var på kampen mot Aalesund på tysdag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I industribygda med 2400 innbyggarar er det berre eitt samtaletema. Brattvåg sitt andredivsjonslag har slått ut både Hødd og Aalesund:

– Vi er best på Sunnmøre, seier dei.

– Vi er snart i eliteserien. Og i cupen er det Ullevaal som er draumen no, seier Henrik Otterlei Hurlen. Han og dei andre skuleelevane spelar fotball i friminuttet.

Brattvåg fotballjubel

Cupsuksessen inspirerer: Barna på skuleplassen er ekstra ivrige på fotballbanen i dag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Kameraten Jonas Austnes Hellandsvik seier at han håper på Tromsø i neste runde:

– Dei tapte 6-0 for Aalesund. Så då vinn vi lett...

Brattvåg fotballjubel

– Cupsigeren over Aalesund er viktig. Dette er noko som samlar folket i Brattvåg, seier læraren Richard Vestre. Han er assistenttrenar for Brattvåg-laget som slo ut AaFK av cupen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Omsverma lærar

Richard Vestre er ekstra omsverma i dag, som lærar ved Brattvåg ungdomsskule. I går var han assisterande trenar for Brattvåg, då dei slo Aalesund etter straffesparkkonkurranse:

– Det er eit eventyr. Det skaper gledesrus i heile bygda.

Brattvåg fotballjubel

Plakaten for fotballkampen er ikkje fjerna. Kanskje skal han stå der som eit minnesmerke?

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Håper å få Vålerenga

Vestre håper dei kan kome til Ullevaal allereie i neste runde. Det betyr at han ønsker å møte Vålerenga.

– Uansett er dette noko som samlar folket. Vi har noko å bry oss om. Det er uhyre kjekt.

Magisk for Brattvåg

Gratis festkake

På kulturkafeen i Brattvåg sentrum skriv dei med krit på tavla. For i dag er det gratis festkake for dei som kjøper lunch.

– Alle har lyst til å vere med og støtte eit vinnarlag. Dette er stor stas, seier Jorunn Ulstein Fjørtoft.

Brattvåg fotballjubel

Det er gratis kake på kulturkafeen for å feire cupsuksessen. F.v.: Lene Thurley Skrøppa, Jorunn Ulstein Fjørtoft og Sigrid Ulstein Farstad.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

På fotballbanen seier Henrik Otterlei Hurlen at det er herleg at klubben hans, Brattvåg, gjer det så bra:

– Før om åra har vi streva med å rykke opp frå tredje. No har vi slått ut både Hødd og Aalesund. Vi er Sunnmøres beste lag!

Keeper til Riise: – Du har bomma før, du