Hopp til innhold

Brått var glattisen her

Etter fleire dagar med høg temperatur slo det om i løpet av gårsdagen og i natt. Det førte til glatte vegar fleire stader.

Bussen på vegen igjen
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Og særleg har det kome rapportar om mange utforkøyringar i Skodje. Det første varselet kom i 7.30-tida, då ein buss køyrde i grøfta like ved Digernes. Ingen personar kom til skade, men bergingsbil kom ikkje på staden før etter knappe to timar.

Utforkøyringa skjedde på fylkesveg 110 i retning Utvika, og der var relativt lite trafikk og skapte ikkje veldig store problem.

Men bergingsbilane hadde då nok å gjere, for omlag samtidig hamna ein semitrailer på glatta på Reiakvam i Skodje. Det skjedde på fylkesveg 111 ved gamle Brusdal skule.

– Eg kom meg ikkje ut av førstegear, bremsa og kjende kor glatt det var. Eg sklei rett og slett av vegen i tre-fire kilometer i timen, fortel ein av personbilsjåførane til NRK.

Bergingsmannskapet hadde ikkje tid til å snakke, for dei hadde allereie dratt fleire bilar opp på vegen, og framleis var det fleire som venta.

På Reiakvar hadde fleire vanskar på glatta

På Reiakvam måtte bergingsbilen hjelpe fleire personbilar på vegen.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Lågare temperatur og underkjølt regn har truleg vore medverkande til utforkøyringane. Politiet varsla tidleg at det var svært glatt i området.

Laster Twitter-innhold

Ver og føre hadde ikkje skulda då ein varebil stoppa trafikken i Valderøytunnelen. Der var det motorproblem som var årsaka, men køane blei likevel lange, også ved Ellingsøytunnelen. Det tok litt tid før tunnelane opna igjen, og først med redusert fart før det blei opna for ordinær trafikk igjen.

Kø på Kverve etter tunnelstenging

Motortrøbbel i ein av tunnelane førte til lange køar på Kverve på Ellingsøy.

Foto: Hallstein Vemøy / NRK