NRK Meny
Normal

Brassesparka publikum til himmels

Ei scoring av det svært vakre slaget sikra Kristiansund tre poeng heime mot Ranheim.

Brassespark i mål

1-0 til Kristiansund mot Ranheim kom på fantastisk vis, då Andreas Rødsand scora på eit perfekt brassespark.

Foto: Roar Halten / NRK

Geir Bakke

KBK-trenar Geir Bakke påførte Ranheim deira tredje tap på rad.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

67 minutt var spelt på Idrett i Kristiansund då heimelaget gjekk i angrep.

Jan Banan Tømmernes slo inn i feltet, der ballen blei heada opp i lufta. Då var KBK-spelar Andreas Rødsand på rett stad. Midtbanespelaren hadde augene på ballen, la seg bakover og la sigersmålet i nettet med eit flott brassespark.

1648 tilskodarar gjekk av hengslene, og stemninga blei ikkje dårlegare då dommaren bles av og KBK sikra sin tredje trepoengar på rad.

Innsida av stolpen i første omgang

Kristiansund førte første omgang mot Ranheim òg, men dei enorme sjansane uteblei for heimelaget.

Ranheim var nærast scoring då Daniel Krogstad banka ballen på innsida av stolpen.

Den første store sjansen til Kristiansund kom etter to spelte minutt i andre omgang. På eit frispark raga Dan Peter Ulvestad høgst, men headinga gjekk så vidt utanfor.

Begge lag pressa på utover i omgangen, men det var altså heimelaget som sikra sigeren med Rødsand si brassescoring.

Har klatra, klatrar vidare

Før kampen låg Kristiansund på sjetteplass i 1. divisjon med 20 poeng, medan motstandar Ranheim låg på tredjeplass med 25 poeng. Trønderane låg lenge på topp, men to tap på rad har gjort at Sandefjord og Bodø/Glimt har klatra forbi.

Etter kampen klatra Kristiansund forbi Hødd og opp på femteplass med betre målforskjell, medan Ranheim framleis ligg på tredjeplass.

Kristiansund stilte med følgjande 11 frå start i 4-4-2-formasjon: Roger Berntzen - Olivier N'Siabamfumu, Dan Peter Ulvestad, Christophe Psyche, Erlend Sivertsen - Liridon Kalludra, Andreas Rødsand, Roger Risholt, Sverre Økland - Jan Banan Tømmernes, Mamhoud El Haj.

Kristiansund Ballklubb

Her er Kristiansund samla like før avspark mot Ranheim på Idrett.

Foto: Roar Halten / NRK