Hopp til innhold

Dette bør du tenke på før du tenner sankthansbålet

Brannvesenet åtvarar mot å bruke sankthansbålet til å kvitte seg med søppel.

Jonsåkbål i Fiksdal

SANKTHANSBÅL: Fredag vil ein rekke sankthansbål bli tent over heile landet. Men det er ikkje alt du kan hive på bålet, vektlegg brannvesenet.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ålesund brannvesenet er ute med båt for å kontrollere sankthansbål som er bygd i fjøresteinane. Øystein Bjørkavåg ser gjennom kikkerten og peiker på eit bål han har fått auge på.

– Der er det bygningsavfall, det er rett og slett forsøpling, seier han.

Dei siste vekene har brannvesenet og Ålesund kommune kontrollert ein rekke bål.

– Vi har sjekka ein god del bål og folk er stort sett flinke. Men det er enkelte som ikkje er så bra. Vi har mellom anna funne eit som hadde mykje bygningsavfall. Det skal på gjenvinningsstasjonen, ikkje bålet, seier Bjørkavåg.

Øystein Bjørkavåg, seksjonsleiar i Ålesund brannvesen

Brannvesenet har også tatt i bruk båt for å kunne kontrollere båla som ligg i sjøkanten.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ber folk rydde opp

Båla som ikkje oppfyller krava blir dokumentert. Dei tek så kontakt med den som eig eigedomen der bålet står.

– Då gir vi beskjed om at dette er forsøpling og at det ikkje er greitt å tenne på, seier Bjørkavåg.

Ålesund kommune og brannvesenet har vore ute og kontrollert bål før jonsok for å sjekke om dei er lovlege.

Dette var eit av båla dei fann der ikkje alt var som det burde.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kommunen har også anledning til å gi eit skriftleg pålegg om å rydde opp. Dei kan også gi bøter om det blir nødvendig, fortel Egil Hoel, ingeniør i avdeling for vatn og avløp i Ålesund kommune.

Egil Hoel, ingeniør i avdeling for vatn og avløp i Ålesund kommune.

Egil Hoel seier at dei først og fremst prøver å informere folk og be dei om å rydde opp, enn å gi bøter.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Men først prøver vi å snakke med folk og få dei til å rydde opp. Dei fleste forstår det når vi forklarer kva reglane går ut på, og at det også handlar om sikkerheit, seier han.

Bjørkavåg i brannvesenet trur det er fleire grunnar til at folk legg ting som ikkje bør på bålet.

– Hos nokre er det nok litt mangel på kunnskap, medan andre ser sitt snitt til å kvitte seg med ting. Så slepp ein å betale for å levere det inn, seier Bjørkavåg.

Dei to meiner at det stort sett er dei eldre generasjonane som er verst.

– Dei unge er veldig bevisst på det og kanskje meir opptatt av forureining, seier Hoel.

Øystein Bjørkavåg, seksjonsleiar i Ålesund brannvesen, og Egil Hoel, ingeniør i avdeling for vatn og avløp i Ålesund kommune, ute for å kontrollere jonsokbål.

Folk har blitt flinkare til å ikkje kaste alt mogleg på sankthansbålet dei siste åra. Det synest både Øystein Bjørkavåg i brannvesenet og Egil Hoel i Ålesund kommune.

Dette må du tenke på

På sankthans 23. juni, eller nærmaste helg, er det tillate med bål større enn eit typisk kaffibål.

Øystein Bjørkavåg, seksjonsleiar i Ålesund brannvesen

Øystein Bjørkavåg seier at det er viktig å vere raskt ute med å kontakte brannvesenet om bålet kjem ut av kontroll.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Men det er ikkje fritt fram å tenne bål. I enkelte kommunar er det krav om å melde inn båla i forkant.

– Då får vi ei oversikt over alle, seier Bjørkavåg i brannvesenet.

Det varme vêret dei siste vekene skaper også utfordringar. Det er sendt ut farevarsel for skogbrannfare i fleire fylke. Bjørkavåg ber difor folk om å vere ekstra forsiktige før dei tenner sankthansbålet.

– Det er veldig tørt no, så det lille som kjem av regn gjer ikkje den store forskjellen.

Og skulle alt gå gale, har Bjørkavåg ei klar oppfordring.

– Ver rask med å ringe brannvesenet om det går feil veg. Det er betre å få besøk av brannvesenet ein gong for mykje enn at det tek for lang tid og tek heilt av, seier han.

Les også – Du er med på noko større enn deg sjølv

Slinningsbålet 2018