Hopp til innhold

Så nær var brannbåten ulykkesholmen

Båten til brannvesenet låg berre få minutt unna Tyskholmen, der ein fritidsbåt gjekk på grunn natt til søndag. Politiet fekk inn bekymringsmelding om natta, men sette ikkje i gang aksjon.

Oversiktsbilete over Ålesund brannstasjon og Tyskholmen

Ålesund brannstasjon ligg like i nærleiken av der båtulykka skjedde natt til søndag. Redningsaksjonen vart ikkje sett i gang før om morgonen.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Det var natt til søndag at ein fritidsbåt med tre menn om bord køyrde på ein holme utanfor Ålesund. Ei kvinne som høyrde motordur og ein kraftig smell i 00.30-tida ringde til politiet og melde frå om det som kunne vere ei mogleg båtulykke, ifylgje Sunnmørsposten. Politiet sette ikkje i gong aksjon før på morgonen. Då fekk dei inn melding om at folk hadde høyrt rop om hjelp. Naudetatane rykte ut og fann to personar på Tyskholmen. Den tredje mannen vart funnen død i sjøen.

Brannvesenet sin båt i Ålesund ligg i nærleiken av Tyskholmen

Brannvesenet sin båt ligg i Nørvevika. Rett bak holmen Hundsvær på biletet, ligg Tyskholmen.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Brannsjef Geir Thorsen seier at 110-sentralen fekk melding om ulykka klokka 08:41:57 frå Hovedredningssentralen.

Geir Thorsen

Brannsjef Geir Thorsen seier at det er vanskeleg å uttale seg om brannvesenet burde ha blitt kontakta.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Vi har båt i Nørvevika og dykkarar. Ut frå avstanden til båten kunne vi ha vore ute på staden i løpet av 10 minutt, sjølv om det var på natta, seier Thorsen. Brannstasjonen ligg ikkje langt unna båten, og frå Nørvevika er det berre få minutt til Tyskholmen.

Brannsjefen seier at det er vanskeleg å uttale seg om brannvesenet burde ha blitt kontakta allereie om natta, sidan han ikkje veit kva vurderingar politiet har gjort rundt meldinga dei fekk.

Redningsskøyta deltok i redningsaksjonen då ein båt gjekk på grunn på Tyskholmen i Ålesund

Her er båten som vart slept i land av Redningsselskapet søndag morgon.

Foto: Torgeir Sortehaug/Redningsselskapet

Skal gå gjennom lydloggen

Politiet har i ettertid innrømt at dei burde ha aksjonert etter telefonen frå kvinna, som fortalde at ho høyrde motordur og eit dunk etterpå. Operatøren skal ikkje ha oppfatta all informasjonen kvinna gav og dermed ikkje vurdert situasjonen til å vere ei alvorleg ulykke.

Politimeister i Møre og Romsdal, Ingar Bøen, sa til NRK tysdag at det ikkje var aktuelt å rapportere saka til Spesialeininga for politisaker, men Spesialeininga valde likevel å undersøke saka på eige initiativ.

– Vårt mandat her er å finne ut om det er gjort ein tenestefeil ved at dei ikkje rykte ut på denne meldinga, seier leiar Ellen Eikeseth Mjøs. I tillegg til lydlogg og politiet sine dokument i saka, blir det tatt avhøyr neste veke.

Forsøkte å svinge unna

Politiet i Møre og Romsdal er i gang med å etterforske sjølve båtulykka. Dei har tatt avhøyr av både båtføraren og passasjeren som overlevde. Føraren har forklart at han trefte Tyskholmen då han forsøkte å svinge unna.

– Vi prøver også å avklare nøyaktig tidspunkt for ulykka, seier etterforskingsleiar Yngve Skovly. Politiet har gjort fleire vitneavhøyr av personar som var i kontakt med mennene i båten. Den omkomne mannen vert obdusert i dag, onsdag.

Yngve Skovly

Yngve Skovly ved Møre og Romsdal politidistrikt etterforskar båtulykka.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / nrk

Politiet har ingen kommentar til at Spesialeininga har gått inn i saka, men tar det til vitande.