Hopp til innhold

Brannvesenet i Ålesund får ein tryggare kvardag

Brannmenn i Ålesund brannvesen klappa i dag for nytt utstyr som vil gjere arbeidsdagen mykje tryggare.

Sjå videoen frå opninga: Kristin Krohn Devold fekk æra av å klippe snora under opninga tysdag.

Det er investert nesten 19 millionar kroner i eit nytt tilbygg til brannstasjonen i Ålesund skal gi brannvesenet i Ålesund ein heilt ny arbeidskvardag.

Tilbygget på om lag 300 kvadratmeter inneheld mellom anna verdas første komplette reinseanlegg for utstyr som blir brukt til brannslukking. Tysdag vart det nye bygget offisielt opna.

– Denne komplette løysinga med fleire typar maskiner er noko som Ålesund er først i verda med, seier Geir Thorsen, brannsjef i Ålesund brannvesen.

Skal sikre helsa til dei tilsette

I den nye maskinparken til om lag ein million, har det også kome ei spesialmaskin for å reingjere røykdykkarutstyr.

Geir Thorsen

Geir Thorsen, brannsjef i Ålesund brannvesen, fortel at det nye utstyret vil gi brannvesenet ein tryggare kvardag.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Tidlegare måtte vi manuelt vaske slangar og utstyr og dermed vart vi eksponert både for giftige partikar og sot. Det slepp vi no, seier Thorsen.

Den jobben tek nemleg den nye heilautomatiserte maskina seg av. I tillegg har det blitt oppretta ei rein og skitten sone på hovudbrannstasjonen i Ålesund og på stasjonen i Spjelkavik.

– Slike tiltak er nødvendige for å sikre helsa til dei tilsette. Det er mellom anna fem typar kreft som er svært framståande blant brannfolk. Det er noko av det vi vil skjerme dei tilsette frå, seier brannsjefen.

– Vi har også sett på rutinane våre og gjort endringar i forhold til korleis vi handterer tøy ute på skadestaden, og med dei reine og skitne sonar har vi no fått eit klart skilje mellom dei to, held han fram.