Hopp til innhold

Brannvesenet har delvis kontroll

Brannvesenet jobbar framleis på staden, men både 110-sentralen og politiet melder at dei byrjar å få delvis kontroll på brannen. Det skal heller ikkje vere fare for spreiing til andre hus, fortel politiet. Om personane i dei fire nabobustadane kan flytte tilbake til husa sine er framleis uklart.