Hopp til innhold

Brannutrykking til Moa

Like etter midnatt rykka Ålesund brannvesen ut til kjøpesenteret Amfi Moa Nord etter melding frå automatisk brannalarm. Det kom røyk og røyklukt frå ein av butikkane på senteret, og det viste seg at ein tørketrommel var årsaka til alarmen. Det tok ikkje ordentleg fyr i trommelen, men det oppstod røyk, opplyser 110-sentralen.