Brannstaden blir undersøkt i dag

I dag håper politiet å få starte undersøkingar av den brannskadde ungdomsskulen på Smøla. Delar av skulen brann ned i går tidleg og branntomta var framleis så varm utover ettermiddagen at det ikkje var muleg å starte undersøkingane. Elevane får fri i dag, men frå og med i morgon og resten av skuleåret skal elevane ha undervisning ved Bakkamyra skole

Skolebrann på Smøla
Foto: Wenche Farstad