Ein tilsynsrapport blir klar i dag etter
.Med
friskt i minne, blei brannsjef Alf Magne Smørholm i Molde . Fannefjordtunnelen skal renoverast i februar, men løyvingar til godt nok ventilasjonsinnlegg var ikkje inkludert.– Det er avhengig av situasjonen. Men er det ein brann med ein viss størrelse, så er eg redd for at vi ikkje kan sende innsatsmannskap inn der slik situasjonen er i dag. Det er ikkje dimensjonert for den slags.
Det sa brannsjefen om ventilasjonsanlegget og moglegheita for å få ut giftig røyk ved brann.
– Vi ønskjer å seie ifrå
Førre veke hadde brannvesenet i Molde øving i Fannefjordtunnelen.
Foto: Endre Dahlen/Molde brannvesenNo vurderer brannsjef Smørholm seriøst å stengje Fannefjordtunnelen.
– Tunnelar går under sjølvbergingsprinsippet. Her ser vi at farane kan vere så store for persontryggleiken at stenging er eit verkemiddel som kan bli tatt i bruk.
Sikkerheitsanlegget, med for dårleg ventilasjon er ankepunktet. Smørholm fortel at dei har på det reine at anlegget ikkje er dimensjonert for å takle brann.
– I teorien er det eit verkemiddel som kan setjast i verk umiddelbart, men tunnelen har eksistert i nokre år, og vi må følgje normal saksbehandling. Vi ventar på den.
For tunnelstenging er ikkje berre ein tom trussel.
– Vi ønskjer å seie ifrå om alvoret i situasjonen. Eitt av verkemidla vi har i brannlova er å stengje ein tunnel, slår brannsjefen fast til NRK.
Har skjedd før
Han fortel at vidare at det i så fall ikkje blir første gong at ein tunnel blir stengt gjennom brannlova.
– Det har vore brukt før. Oslofjordtunnelen og andre tunnelar har lokale brannsjefar som har stengt, mellom anna for tyngre køyretøy.
– Overordna myndigheit har kanskje eit anna syn på dette?
– Ja, det er klart at å stengje ein tunnel har stor samfunnsøkonomisk betydning. Direktorata har ikkje støtta dette så ofte erfaringsmessig, fortel Smørholm.
No vil brannsjefen avvente tilbakemelding frå Statens vegvesen, men varskuet er ropt – igjen. Så står det igjen å sjå om noko blir gjort.