NRK Meny

Brannsjef: –Resultat av førebygging

Ingen omkom som følge av brann i Møre og Romsdal i fjor. Tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap viser at totalt seks fylke unngjekk døsfall. På landsbasis omkom 25, noko som er det lågaste talet sidan registreringa starta i 1979. Brannsjef Geir Thorsen i Ålesund meiner ein ser resultatet av førebyggande arbeid.

Geir Thorsen
Foto: Jannicke Farstad / NRK