Ein fotograf som var ved Atlanterhavsvegen med telelinse for å fange stormen, oppdaga nokon som sprang nede på berga medan sjøen slo rundt dei.
– Dette såg ikkje bra ut, seier Thorsen, etter å ha sett bilda. Blir ein tatt av ein brottsjø kan ein bli slått i hel mot steinane, eller bli dratt til havs av understraumen.
Har leika med bølgjene sjølv
Bilda er tatt av Rob Buist som køyrde turistvegen Atlanterhavsvegen fredag ettermiddag då han såg tre gutar som hoppa på steinane nede i fjøra.
– Det såg ut som dei hadde det gøy, men eg veit at det er farleg. Bilda blei tatt med telelinse frå om lag 300 meters hald, så det var umogleg å varsle dei. Eg såg dei sprang mot land då det kom ei stor bølge, men dei gjekk likevel ut på steinane igjen.
Buist vedgår at han sjølv har gjort same feilen sjølv. Nederlendaren leika sjølv med bølgene i fjor, men lærte då at dette kunne vere farleg.
– Eg visste ikkje då at det var så store krefter i bølgjene, fortel Builst. Eg skjønar at dei syntest det var artig, men var glad då eg såg dei forlate stranda.
Har skjedd ulykker før
Thorsen viser til at fylket vårt har vore ramma av slike ulykker tidlegare, og han meiner all fornuft tilseier at dette er svært risikabelt.
– Vi åtvarar sterkt mot slik aktivitet, men ser dessverre kvart år at nokon mistar livet fordi dei skal utforske ekstremvêr. Her er store krefter i sving, åtvarar Thorsen.