Torsdag kveld var rundt 50 personar tilknytt naudetatane i Molde samla til øving i Fannefjordtunnelen. Tunnelen var stengt i om lag tre timar og både politi, brannkorps og ambulansepersonell deltok i øvinga.
Nestleiar i beredskapsavdelinga, Frode Drågen Myhre, meiner at Fannefjordtunnelen no er ein tryggare tunnel.
– Vi hadde ei fin øving og fekk testa mange av dei nye tryggleikssystema som er innebygd i tunnelen, seier han.
Sjå bileta frå øvinga øvst i saka.
- Les også:
– Tunnelen har blitt tryggare
Opprustinga av Fannefjordtunnelen har pågått i over eitt år og var ferdig like før jul.
Myhre fortel at branntryggleiken i tunnelen no har blitt betre mellom anna med snuplass for store biler i botnen, fleire nye vifter, betre lys og tettare mellom nødtelefonar og ikkje minst altså at det viktige naudnettet fungerer i tunnelen.
Nestleiar i beredskapsavdelinga, Frode Drågen Myhre, meiner at Fannefjordtunnelen no er ein tryggare tunnel.
Foto: Gunnar Sandvik / NRK– No har vi endeleg fått orden på sambandet slik at vi kunne kommunisere med dei som var inne i tunnelen på ein god måte. Vi har i utgangspunktet ikkje lov å gå inn i tunnelen dersom vi ikkje har dekning på sambandet og kan snakke med kvarandre, så det er kjempeviktig, seier han.
Den nye snuplassen inne i tunnelen vil også vere med på å gjere tunnelen tryggare for bilistane.
– No har vi fått eit snupunkt for lastebil og buss i botnen av tunnelen, og det vil også kome skilt som gir beskjed om at ein må snu dersom det skjer eit uhell eller oppstår brann inne i tunnelen, seier Myhre.
Fannefjordtunnelen er no open døgnet rundt etter renoveringa, men det kan framleis bli eit par nattestengingar i den komande veka for mindre utbetringar.
- Les også: