Hopp til innhold

Brannvesenet held auge med Aksla kvar dag

Mange har lagt blomster og lys ved benken der Anja Weløy Aarseth vart funnen. Brannvesenet har måtte blåst ut lysa fordi brannfaren er så stor.

Lys og steiner til minne om Anja Weløy Aarseth

Brannvesenet er redd for at lyktene skal velte og skape skogbrann.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Tysdag starta rettssaka der ein 24-åring er sikta for å ha valdteke og drepe Anja Weløy Aarseth på byfjellet Aksla i Ålesund. Mange har lagt blomster og lys ved benken der ho vart funnen.

Brannvesenet i Ålesund forstår at det er viktig å minnast den 21 år gamle studenten, men ber folk om å ikkje bruke eld. Brannfaren er svært stor, og berre sidan nyttår har det vore over 40 gras, lyng og skogbrannar i Møre og Romsdal.

– Det er ikkje kjekt, men vi har vore nøydde til å blåse ut fleire gravlys på Aksla, fortel Sindre Furnes ved 110-sentralen.

Dei held eit auge med staden kvar einaste dag, fordi dei er redde for at terrenget skal ta fyr, dersom lyktene veltar i vinden.

Furnes oppmodar folk om å bruke elektriske telys i staden for eld.